Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-40

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Butikken til Dølaringen i Kirkegata 51, Lillehammer. Boklaget flytta inn der i 2010, men er nedlagd frå og med 31. januar 2013. 1972-2010 hadde Dølaringen lokale i Chr. Bruuns veg i same by.
Foto: H.P. Hosar (2010)

Dølaringen er ein samskipnad som arbeider for å fremje interessa for kultur, historie, nynorsk og dialektbruk i Gudbrandsdalen. Samskipnaden vart grunnlagt i 1914. Både enkeltpersonar og lag kan vere medlemmer. Ei hovudoppgåve for Dølaringen frå og med 1930 har vore å gje ut Årbok for Gudbrandsdalen, frå 1933 i samarbeid med Gudbrandsdal Historielag. Saman med historielaget eig og driv Dølaringen eit forlag med namnet Dølaringen boklagLillehammer. Frå fyrst av var Dølaringen eit samlag for dei lokale mållaga i Gudbrandsdalen. Dølaringen var i sin tur tilslutta Austmannalaget. Frå 1933 vart føremålet utvida noko ut over målsaka. Dølaringen skulle «verne om dølakulturen i mål og minne, i sed og skikk, i arbeid og kunst» (lover vedtekne på årsmøtet på Otta 16. juli 1933). Laget skulle også ha for auga å hjelpe til med opplæring av ungdomen «på heimleg grunn».Les mer...