Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2014-47

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden sett frå sør mot nord. I bakgrunnen, på andre sida av Ottaelva, Bispberget.
Foto: H.P. Hosar (2009)

Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.

Grannegardane er i dag Horten i vest, Nedre Lund i nord, Nigard Lund, Tøfte og Asplund i aust.

Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.

Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar.Les mer...