Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-24

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Henrik Mathiesen (1847-1927), kona Karoline Agnes fødd Nielsen og mora Karen Ingebrigtsdotter Mathiesen fødd Ranum eller Ramm.
Foto: L. Szacinski

Henrik Mathiesen (fødd i Strinda 9. juli 1847, død same stad 8. oktober 1927) var forretningsmann, historikar, forfattar og illustratør. Spesielt kjend og populær vart han som Trondheims og Trøndelags historikar. Han var ei drivkraft i kulturminnevernet, særleg kva gjeld Nidarosdomen og andre byggverk med opphav i mellomalderen. Han gav ut eit stort tal bøker, hefte, tidsskrift og enkeltartiklar, og har illustrert ei rad historiske og arkeologiske publikasjonar.Han rekna «den trønderske stamme» som det ypparste av «det gamle folk». Det manifesterer seg tydeleg til dømes i hans argumentasjon for eit folkemuseum i Trøndelag: «Dersom en søndenfjeldsk centralisation skulde faa magt til efterhaanden at udviske den thrønderske nationalkarakter, saa vilde dette være den største skade, ikke blot for thrønderne selv, men for hele landet.»Han meinte å kunne påvise at «nasjonalånden» var meir utvikla i dei nordafjelske enn i dei sønna- og austafjellske bygdelaga.Les mer...