Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-35

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Garden Straumsheim i 2015. I bakgrunnen ser vi litt av tettstaden Straumgjerde.

Straumsheim er ein gard ved tettstaden Straumgjerde i Sykkylven. Per 2015 har garden fire hovudbruk og fleire plassar. Det er ikkje noko byggjefelt knytt til garden, men nokre få hustomter er skilt ut og utbygde med private bustadhus. På Straumsheim er det også eit industrifelt. Noko sjøgrunn vart utskilt og fylt ut kring 1970. Her har det vore både møbelproduksjon, glasmeisterverksemd, bilverkstad, transportverksemd og produksjon av utstyr for marin næring. Bygdavegen gjekk tidlegare gjennom Straumsheim-tunet. Tidlig i 1970-åra vart vegen lagt om, og han går no rett i overkant av industriområdet. Rett overfor garden ligg det over 1000 meter høge Straumshornet som stengjer noko for morgonsola. Midtsommars slepp solskinet ned til garden ved ½ 8-tida. Garden har eit sentralt lægje, og tuna ligg frå 100 til 200 meter frå hovudvegen.Les mer...