Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-37

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Snøtun (Luster, gnr. 209) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg i Krundalen og grensar i aust mot Kruna og i vest mot Grov.

På Snøtun låg Krundalen skule, som alle heimane under Snøtun sokna til fram til nedlegginga i 1963. Den nyaste skulebygningen frå 1959 står framleis og er i dag Bretun, kurssenteret og hovudkvarteret til Jostedalen breførarlag.

Tunet i Snøtun med hovudbruket til høgre og Reina (Røysi) til venstre.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Fram til 1700-talet var Snøtun som resten av Jostedalen eigd av skiftande eksterne godseigarar, og brukarane var leiglendingar. Då jostedalsgodset etter 1754 vart delt mellom dei tre sønene til Christopher Munthe, var det Gerhard Munthe (1726–1785) som fekk hand om Grov. Han selde alt 25. oktober 1757 til brukaren, lensmann Tøger Ottoson Snøtun. Snøtun var dermed ein av dei aller fyrste jostedalsgardane som vart selde ut av Munthe-ætta. Det hadde truleg samanheng med at Snøtun sidan 1730-åra (og fram til 1790-åra) var lensmannsgard, og at brukarane i denne perioden såleis måtte reknast til eit elitesjikt i bygda.Les mer...