Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2015-42

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dovre folkehøgskule på Romundgard i Sel skuleåret 1919-1920. Andreas Austlid i andre rekkja nr. fem frå venstre. På venstre side av han Ingeborg Møller (Lindholm). Thorleif Schirmer bakarst i døropninga (med skjegg).
Foto: Ukjent

Dovre folkehøgskule var i verksemd på Dovre frå hausten 1915 til våren 1918, dvs. i tre skuleår. Skulen var ein direkte oppfølgjar av ein tilsvarande grundtvigiansk folkehøgskule i Gausdal 1913-1915. Etter tida på Dovre vart det eit framhald i Sel 1918-1922. Den sistnemnde blir også gjerne omtala under nemninga Dovre folkehøgskule.Skulen var særmerkt av dei kjende kulturpersonlegdomane som var lærarar der og/eller som støtta opp om han på anna vis. Miljøet som utvikla seg der, kan seiast å ha vore eit møte mellom på den eine sida det grundtvigianske norskdomsmiljøet som hadde blomstra i Gudbrandsdalen frå 1860-åra av, og på den andre sida den spirande antroposofiske rørsla i Noreg fyrst på 1900-talet. Den eldre norskdomsrørsla var direkte representert ved Andreas Austlid. Fremst i den nye generasjonen stod diktaren Olav Aukrust og kunstmålaren Hallvard Blekastad. Dei to var nære vener, tremenningar og svograr frå det ein med god rett kan kalle eit norskdomsdynasti i dalen, familiane Blekastad, Ofigsbø og Aukrust. Både Olav Aukrust og Hallvard Blekastad vart sterkt inspirerte av antroposofien.Les mer...