Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-10

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Hovden (1860-1943) var sokneprest på Østre Toten frå 1920 til 1931. Det var tradisjon i Hoffkjørkja at presten gav eit bilde av seg sjølv til kyrkja når han tok avskil, fortel Hovden i dagboka si. Dette måleriet, som heng i Hoffkjørkja, er måla av Frida Rusti. Anders Hovden betalde 300 kroner for det.

Anders Hovden og Toten er ein artikkel som handlar om diktarpresten Anders Hovden (1860-1943) og tida hans på Toten. Hovden var sokneprest i Østre Toten frå 1920 til 1930. Ein dag tidleg i mai 1920 kom eit flyttelass opp gutua til prestegarden på Hoff. Det var nypresten på Toten, diktarpresten Anders Hovden, som med kjerring og born inntok den store garden. Dei kom frå Melhus i Sør-Trøndelag. Der hadde Hovden vori prest i 10 år. Nå hadde han fått eit av dei største og rikaste prestegjelda i landet, Østre Toten, å bryne seg på. Den 9. mai 1920 vart nypresten innsett i kallet.Les mer...