Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-12

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Feios kyrkje.
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde

Feios kyrkje, Feios i Sogn, Vik kommune, er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeldOsterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.

Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden og er nemnt i kjelder tilbake til 1123, og her ligg Rindestodi som var sentral for kyrkjestaden fordi sjøvegen var viktig. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen. Rinde kyrkjestad låg under bispesetet på Selja fram til 1170, då vart bispesetet flytta til Bergen.Les mer...