Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-29

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.Les mer...