Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-30

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Familien Skappel på Skapal i 1893. Simen Skappel nr. 2 frå venstre med foreldra Halvor og Julie nærast på hans venstre side.
Foto: Anton Øhre/Digitalt museum

Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet. Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra. Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.Les mer...