Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-4

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den fyrste bilen som gjekk mellom Årnes brygge og Ulveneset, var ein Federal kjøpt inn ved starten i 1919. Mannen på fotografiet er Tor Sannes.

Seljord Billag, L/L, blei skipa på møte i Klokkarstogo i Seljord 3. mai 1919. Frå byrjinga heitte laget Seljords Automobillag. Føremålet med laget var «å driva biltrafikk i rute millom Ulvenes og Årnes for på den visi med ein samstelt person og varebil millom ana å frakte varone til medlemane millom nevnde stellur». Torgrim Haugerud blei valt til formann. Den fyrste bilen laget kjøpte, var ein Federal lastebil. Den vart påbygd i Seljord, «med eit karosjeri på ein måte, men det var nokso primitivt». Før bilen blei satt i rute, kosta den laget 19 865 kr. Bilen køyrde ruta to gonger i veka, men berre om sumaren.Les mer...