Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-48

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Runde fyrstasjon 2009. Vi ser fyret frå 1935 i bakgrunnen.
Foto: Arnfinn Kjelland

Runde fyrstasjon ligg på Kvalneset på øya Runde i Herøy. Fyret vart tent 1. september 1767 som det sjette i Noreg og det første nord for Stad. Dette var eit såkalla blussfyr – eit bål eller eld med lysande loge, i ei fyrgryte eller fyrpanne, og lyskjelde var kol eller torv. Det første fyret låg på Tua, eit platå knapt 200 meter over havnivået i lia ovanfor den noverande stasjonen.

Det var generalauditør og byfut i Kristiansund, Peter Frederik Koren, som fekk kongeleg løyve til å sette opp fyret og krevje inn fyrpengar av passerande fartøy. Koren kjøpte elles heile garden Goksøyra og la plikt til å spa torv, transport og vakt på fyret til oppsitjarane.Les mer...