Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2017-8

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljåsmiinga i Tinn i Telemark er eit døme på protoindustri i Noreg. Her er fleire kjente smedar frå Tinn samla ved ei kolmile i Austbygde i 1918.
Foto: Ukjent /Telemark fylkesmuseum

Protoindustri (frå gresk protos = fyrst, opphavleg) vart ca. 1970 lansert som nemning på ulike former for «industriell» verksemd på landsbygda før den industrielle revolusjonen, dvs. handverksproduksjon og omsetnad organisert som heimeindustri og forlagsverksemd. Stundom reknar ein også med handverksbaserte «fabrikkar» (manufakturar) på landsbygda. Protoindustrien skil seg frå det tradisjonelle bygdehandverket ved at den er organisert i meir omfattande skala og innretta mot marknader utanfor bygda/distriktet. Den skil seg frå den «eigentlege» industrien (fabrikkproduksjon) ved sitt lågteknologiske produksjonsutstyr, ved sine desentraliserte produksjons- og distribusjonssystem og ved si svakt utvikla arbeidsdeling i produksjonsprosessen.Les mer...