Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-16

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hovden i 1950-åra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden. Setesdalsmuseet.

Hovden er gardsnummer 2 i Bykle kommune i Setesdal. Kjem ein køyrande frå Edland og over mot Bykle, er det å koma til Hovden mest som å koma til ein by midt i ville heia. Iallfall er dette bygdesenteret med alle sine hus, hytter, overnattingsanlegg, forretningar og serveringsstader det næraste ein kjem ein tettstad i Bykle.

Gardsbruka på Hovden ligg innunder Hovdenuten, vestanfor bygdesenteret. Det som nå vert kalla Hovden sentrum vaks fram i tida etter krigen, til å byrje med under namnet Hovdebru, fyrst seint, sidan snøggare. Men dette er sjølvsagt resultatet av ei lang utvikling, og her skal me freiste å kartleggje nokre av hovuddraga i denne utviklinga. Rimelegvis tok ho til med ein gard, og den eldste verestaden her er det bruket som nå heiter Der nede.

Fram til ein gong på 1780-talet var det berre eitt bruk på Hovden, men då vart garden dela midt i to, det vart Der Sø og Der nor, som låg jorde i jorde. Kring 50 års tid seinare, omlag 1840, vart Der sø kløyvd i to, og det eine av dei nye bruka fekk tunet sitt oppi bakkane ovanfor Der nor. Det nye bruket vart kalla Der uppe, og etter dette skifte Der nor namn til Der nede. Sidan, på 1870-talet, vart Der Uppe plass under Der nede og Der sø, og skifte då namn til Hovdeplassen. På denne tid vart husa i Der uppe flutte frå det gamle tunet og til der Plassen har tunet sitt idag.Les mer...