Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2018-42

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Opptoget under Landskvinnestemmerettsforeningens møte på Lillehammer i 1908. Karoline Skar var til stede under dette møtet.
Foto: Ukjent/Maihaugen (1908)

Karoline Skar (fødd Korsødegaard i Stange 2. mars 1850, død på Lillehammer i 1935) var veverske, bedriftseigar og lokalpolitikar på Lillehammer. Ho gjorde også ein stor innsats for husflidsrørsla der tidleg på 1900-talet. Skar var den eine av to kvinner som kom inn i bystyret i Lillehammer ved kommunevalet 1901. Den andre var Marith Tande. Dei var dermed blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra etter at kvinner hadde fått ein avgrensa stemmerett det året. Båe to representerte Det konservative parti. Karoline Skar var dotter av gardbrukarparet Anders Amundsen Korsødegaard (1825-1905) og Alis Amundsdotter fødd Oustad (1821-1873). Karoline var einaste barnet deira. Faren gifta seg opp att, og Karoline fekk ho ei halvsyster, Marie fødd 1883. Korsødegarden var ein mellomstor gard i Tangen sokn i Stange.

Karoline gifta seg med i 1880 med fargarmeister Ole Olsen Skar frå Øyer (fødd 1842), busett på Lillehammer. Dei fekk tre born (Anders, Ågot og Marie).

Både Karoline og Ole hadde gått på folkehøgskule, ho hjå Herman AnkerSagatun ved Hamar, Ole på skulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen.Les mer...