Lokalhistoriewiki:Kommentarar til Ola Alsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kommentar til Ola Alsviks innlegg på seminaret «lokalhistoriewiki.no, status og muligheter», 4.-5. september 2009, av Arnfinn Kjelland, Historisk institutt, Høgskolen i Volda.


Takk for eit tankevekkande foredrag!

Eg trur NLI er på sporet av noko av det som har vore etterlyst, frå Bull for snart 40 år sidan til det evalueringsutvalet gjorde i fjor vår.

I parentes nyttar eg høvet til å nemne eit s.k. strategisk høgskuleprosjekt (SHP) vi fekk i Volda i 2007 (oppstart 2008), der vi planla slik akademisk sekundærraffinering før evalueringsutvalet etterlyste det:

  • problemstillinga er om den s.k. to-kulturlæra: 2 atskilte kulturar i Noreg på 16- til 1800-talet: ein embetsmannskultur og ein bonde- eller allmugekultur, er gyldig,
  • eit av delprosjekta ser på økonomiske og sosiale relasjonar mellom embetsmanns- og bonde- eller ålmugegruppa,
  • ein heilt friviljug, symbol- og meiningsmetta relasjon er fadderskapet; ein dansk historikar har påpeikt at det at ein kvinne frå ein annan familie ber eit barn til dåpen framafor heile kyrkjelyden er ei særs sterk markering av slike friviljuge relasjonar – og dette er noko vi no har lett tilgjengelege kjelder til (skanna kyrkjebøker)
  • vi ser da på i kva grad embetsfolk står fadrar for allmugefolk og omvent, og dette kombinerer vi da med gode busetnadsverk (gards- og slektshistorie) slik at vil kan plassere allmugefolket økonomisk, sosialt og slektskapsmessig og sjå på desse nettverka.

Presentasjonen til Ola

Men no er det lokalhistoriewiki.no det dreier seg om, og her spør Ola altså etter om nettstaden kan nyttast til slik akademisk sekundærraffinering – og svarer vel eigentleg nei.

Han rår heller til at lokalhistoriewiki.no satsar på det vi er gode på frå før: å finne lokal empiri og bygge den opp til kritisk masse for analyse. Med idretts- og bedriftshistorie som tematiske døme spesifiserer han tre typar data / empiri vi kan nytte LW til å samle:

  • om noko som ikkje er utforska før: ja absolutt, og her kan kanskje vårt prosjekt i Volda, ved sida av tennisklubben i Gjøvik, vere eit døme,
  • betre empiri om noko som er utforska før; her kan eg nemne eit klassisk tema som husmannshistoria og eit døme eg sjølv kom over for mange år sidan: da sjefen for Lesja kp skreiv husmannskontrakt med den største garden på Lesja, flytte inn på ein plass som hadde vore busett eit par generasjonar og vart buande der som pensjonist til han døydde (og enkja 10 år etter det),
  • personar: ja – men ikkje berre «undesitinguished» – for alle kan vere involvert i relasjonar og / eller ha roller i nettverk som vi ikkje kjenner i dag, men som vil kunne vere interessante i framtida.

Tanken går da så langt eg forstår ut på å engasjere særleg idrettslag og bedrifter til å systematisk å samle stoff om eigen verksemd.

Kjem dette til å fungere?

Tja, det var dette med å spå om framtida da – og særleg innafor denne virtuelle verda som breier seg meir og meir, og der lokalhistoriewiki.no sjølvsagt alltid vil vere ein dverg, mus eller mygg i høve andre sosiale møteplassar på nettet som Facebook etc.

Det trur eg likevel ikkje vil hindre at også lokalhistoriewiki.no kan finne sin plass, men eg etterlyser ei gruppe som eg sjølv har tenkt å trekke inn i arbeidet: skuleverket og høgare utdanning, i alle fall mine eigne studentar.

Ola har ei skisse til fagutvikling eg ikkje kan kommentere spesielt djupt, men kan forsøke. Han foreslår å knyte saman:

  • allmenne, skildrande artiklar om eit tema, eit idrettslag osv. i allmenningen,
  • kjelder til temaet (i vidaste forstand; faksimile av dokument, samtidige og ettertidige minne, fotografi, videopptak o.l.) i kjelderommet, og
  • rettleiing i og drøfting av framstillingane, kjeldene, konklusjonane osv. i metoderommet.

Så langt mi erfaring rekk pr i dag synes eg dette høyrest spennande ut og vil kunne vere ein fruktbar framgangsmåte i høve nye generasjonar lokalhistorikarar. Eg trur eg vil forsøke noko av dette med eit studieemne på grunnivået eg skal ha til våren. Eg vil rett nok kople arbeid i lokalhistoriewiki.no opp mot andre nettstader òg; er vi t.d. på jakt etter personar i rørsle, dei ikkje stedfaste – eit viktig tema i mange samanhenger – er sjølvsagt Brukarforum på Digitalarkivet og Slektsforum nyttige stader å søkje hjelp.

I kva grad lokalhistoriewiki.no kan fungere mot oss gamlingar i våre inngrodde arbeidsprosessar er eg meir usikker på. Derfor vil eg altså som nemnt prøve å få studentar hekta på slikt arbeid.

Med tanke på det reint faglege vil eg likevel her trekkje fram eit anna moment i den før nemnte evalueringsrapporten, nemleg at utvalet òg etterlyste «større nysgjerrighet på nyere historiografiske ansatser internasjonalt», der:

Mikrohistorie

er nemnt som eitt av tre døme.

Dette er da mikrohistorie i ei litt anna tyding enn slik omgrepet vart nytta av Sivert Langholm og andre på 1970-talet og framover. Utvalet følgjer den internasjonale trenden der mh er ein del av den nyare kulturhistoria, den språklege vendinga i historiefaget osv.

Ein definisjon er gjeve i eit stort dansk leksikon: «Mikrohistorie, form for historieforskning, der forsøger at tage udgangpunkt i meget små enheder så som tilsyneladende betydningsløse enkeltindivider, institutioner, byer eller landsbyer for derigjennom at afdække historiske mønstre og processer af mere omfattende rækkevidde.»

Ei nemning innafor retninga er t.d. «det normale unntaket» – som vi nok finn mange av særleg gjennom vårt empiriske gravarbeid. Kpsjefs-husmannen min er eit døme, og mange av dykk kan sikker grave fram liknande.

Ein av pionerane innan retninga, Carlo Ginzburg, nyttar eit omgrep indisie-paradigmet, der han peiker på at det å tolke spor, som jo er det vi som lokalhistorikarar eigentleg gjer, er urgammalt, det var livsviktig i jeger- og sankarsamfunnet.

Eg har nettopp fullført eit forsøk på å vurdere denne retninga i høve norsk lokalhistorisk arbeid i form av ein artikkel som er under trykking i Heimen, og min konklusjon er at vi nok må kunne seie at også vi i Noreg har arbeidd med mh i ikkje ubetydeleg grad utan at vi har nytta denne merkelappen på det.

Og her er det eg trur lokalhistoriewiki.no kan kome inn. Gjennom denne nettstaden kan vi etterlyse empiri om «tilsyneladende betydningsløse enkeltindivider, institutioner, byer eller landsbyer» som ein eller annan har funne, som t.d. kompanisjefs-husmannen min og legge inn faktaopplysningane.

Så kan ei «etterretningsteneste», gjerne NLI, følgje med på det som blir innlagt, og når dei så ser noko som verkeleg kan vere eit spor å følgje etter merker dei det med Kategori: Spor o.l.  og så kan dei sjølve eller andre følgje det opp.

Eg vurderer å gjere d.s. med mitt fadderskapsprosjekt, der eg elles har nytta Brukarforum og Slektsforum til å forsøke å finne normale unntak.

Elles viser eg til eit innlegg på Diskusjonsforum her på wikien, om manglande funksjonalitet for fruktbar debatt.