8. mars i Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Den internasjonale kvinnedagen, 8. mars, vart første gongen markert i Sykkylven i 1984 gjennom eit fellesarrangement som kvinner frå alle dei politiske partia i Sykkylven stod bak. I nokre år før hadde kvinner i Høgre og Arbeidarpartiet hatt eigne markeringar på kvinnedagen. I januar 1984 kalla nokre Arbeidarpartikvinner inn til eit møte for å få til eit fellesarrangement 8.mars. Det vart semje om å gå saman med kvinner frå alle politiske parti, lag og organisasjonar i bygda. Responsen var god og det første fellesarrangementet vart eit samarbeid mellom Sykkylven helselag, Sykkylven husmorlag, Bondekvinnelaget, Kvinner for Fred, likestillingsutvalet og dei politiske partia AP, H. KrF, Sp, V og SV. Seinare kom også FrP med. Arrangementet i 1984 vart halde i kantina på Sykkylven vidaregåande skule og hovudparolen var "Solidaritet med kvinner i u-land". På programmet stod mellom anna tale ved seinare stortingsrepresentant frå Sykkylven, Laila Kaland, og ved Grethe Østerhus Røyr som representerte Amnesty. Ho snakka om "Kvinner i Iran."

Opp gjennom åra har 8.marsmarkeringane vore haldne ulike stader i kommunen, mellom anna i grendahusa i Velledalen og i Hundeidvik og i Sykkylven kulturhus. Dei første åra var det lokale krefter som stod for programinnslaga. Seinare har arrangørane hyra inn folk utanfrå. Mellom dei som har vitja 8. mars-arrangementa i Sykkylven er Brita Blomquist, Inger Lise Rypdal, Margreth Olin, Trude Teige, Martine Aurdal, Sheida Sangtarash og Linnea Myhre.

At 8. mars-arrangementa heile tida har vore tverrpolitiske, har gjeve visse føringar på innhaldet. Komiteane som har førebudd arrangementa har lagt vekt på å unngå saker som kunne skape konflikt. Eit døme på det er abort-spørsmålet. I staden har ein teke opp spørsmål som kan samle alle kvinner, og 8.mars-festane har blitt kulturkveldar med både song, musikk og framføring av dikt og andre tekstar. Partia har dei siste åra hatt ansvar for å skaffe program på omgang.


Kjelde:

  • Nyss 1.3.2024