Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Kongevegen, Vindhella, Lærdal kommune.
Foto: Ukjent
NEG 231 Vei som kulturminne er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2009 med tittel Vei som kulturminne. Utsendarar var Anne-Sofie Hjemdahl, Anne Moestue, Ann Helene Bolstad Skjelbred. Spørjelista vart sendt ut i samband med bygging av ny E18 til Sørlandet. Same året sendte Ane-Sofie Hjemdahl saman med Liv Marit Rui ut ei spesifikk spørjeliste (særemne) NEG S59 E18 - Veghistorie i Larvik.   Les mer …

Fernanda Nissen med en gruppe strikkende kvinner. Ukjent år.
Foto: Nasjonalbiblioteket
NEG 211 Strikking er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Strikking. Utsendar var ein masterstudent i kulturstudier ved Universitetet i Oslo. I 2013 vart det sendt ut ei ny liste om emnet, NEG 247 Strikking.   Les mer …

Årestove frå Valle i Setesdal. Illustrasjon henta frå boka "Beskrivelse over Valle prestegjeld i Sætersdalen" av P. Blom, 1896
NEG 96 Ildbønner, karebønner og annen tradisjon om ilden er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1963 med tittel 96 Ildbønner, karebønner og annen tradisjon om ilden. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Bengt Knut Erik af Klintberg.   Les mer …

Inngangskoner av Harriet Backer (1892) Motivet er frå Stange kyrkje på Hedemarken.
NEG 49 Kyrkjelege skikkar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1955 med tittel Kyrkjeleg folkelivsgransking - Spørjelista om religiøse truer og tilhøve, kyrkjeleg sed og skikk. Utsendar var Kristofer Sydnes ved Kyrkjesogelaget for Bjørgvin bispedømme. Det vart i 1955 sendt ut ei eiga liste med oppfylgingsspørsmål til denne lista, NEG 49t Kyrkjelege skikkar. Svara til tilleggslista er arkivert under NEG 49 Kyrkjelege skikkar. Det vart også sendt ut ei ny liste i 1957 med ytterlegare spørsmål, NEG 67 Skikk og bruk ved gudstjenesten og ved de kirkelige handlinger.   Les mer …

Bandak, den vestligste delen, sett fra Bandaksli mot Kviteseid.
Foto: Siri Johannessen
(2016)
Telemarkskanalen er en vannvei mellom Skien og Dalen i Telemark. Den ble anlagt i to etapper, først fra Skien til Norsjø, og denne åpnet 1. mai 1861, mens strekningen fra Norsjø til Bandak ble anlagt mellom 1887 og 1892. Det er det største kanalanlegget i Norge, med en lengde på 105 km. Av dette er 22 km utbygd som kanal, mens resten er naturlige elver og innsjøer. Åtte sluser med tilsammen 18 kamre løfter båtene 72 meter i løpet av strekningen. Kanalanleggene eies av fylkeskommunen. Trafikken på kanalen er nå knytta til turisme, enten med en av de tre turistbåtene M/S «Victoria» (1882), M/S «Henrik Ibsen» (1907) eller M/S «Telemarken» (1951), eller med småbåter.   Les mer …

Bratsberg Landmandsforretning.

Bratsberg Landmandsforretning ble stiftet av bøndene i Telemark i 1901. Forretningen ble gjerne kalt bare "Landmand" Hensikten med forretningen var import og omsetning av kraftfôr, kunstgjødsel, såkorn, frøvarer og kolonialvarer. Forretningen solgt også andre landbruksprodukter.

Til dette formålet kjøpte "Landmand" Limigården i Liegata 10 og 12 i Skien. Hele eiendommen ble ominnredd og modernisert i 1937/38. Etter dette hadde forretningen kraftfôrblanderi, maismølle og korn- og frørenseri. Den disponerte tre lastebiler og én varebil. Foruten bestyreren bestod personalet av tre kontormedarbeider, 7 butikkmedarbeider og 8 sjåfører og lagerarbeidere i 1949. J. O. Grimsrud var bestyrer på dette tidspunktet.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen
 
Andre artiklar