Stølshaugen (Fedje gnr 168 bnr 219)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stølshaugen
S461.168.219.Husøyna 57a,Fedje.jpg
Hytta i Husøyna 57A.
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 168
Bnr: 219
Adresse: Husøyna 57

Stølshaugen er ein fritidseigedom i Fedje kommune.

1. Borgny Rognsvåg f. 1934 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-17g), prod.arb., g. 1957 m. Olav Hisdal f. 1934 Samnanger, politibetjent, bustad Bergen, fekk skøyte i 1970 på tomt frådelt Nedst-Tangen gnr 168  bnr 27 same året. Hytta ligg i Husøyna og vart òg bygd i 1970.

Born: a. Astrid Hisdal f. 1959, bustad Odda, sjå Husøyna (gnr 168 bnr 302-1). Ho bygde ny hytte her i 2022 på tomt frådelt i 2011 med bnr 487, adresse Husøyna 57B. b. Åshild Hisdal f. 1962, interiørdesigner, g. 1989 m. Michael Charles Hodge f. 1958, bustad Bergen, es. oppløyst. Born Glenn Roger Hisdal f. 1980, IT-direktør, g. 2015 m. Siri Anette Øvstebø f. 1984, butikksjef, bustad Sandnes, Lene Elizabeth Hodge f. 1989, bærekraftansvarleg, bustad Stavanger, og Annike Jane Hodge f. 1992, motion designer, bustad Sandefjord. Åshild bygde ny hytte her på tomt frådelt i 2010 med bnr 486, adresse Husøyna 57A. Sjå òg Svena gnr 168 bnr 88-2. Åshild g. 2014 m. Øystein Kjosås f. 1954 Øystese i Kvam, entreprenør, bustad Bergen. c. Solfrid Hisdal f. 1964 g. 1985 m. Atle Johannessen f. 1957 Oslo, bustad Bergen, es. oppløyst. Ho eig den opphavlege hytta på tomt frådelt i 2012 med bnr 506, adresse Husøyna 57. – Dei tre søstrene fekk skøyte på bnr 219 (med naustet) i 2006.


Fedje komm.svg Stølshaugen (Fedje gnr 168 bnr 219) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Austbø (Fedje gnr 168 bnr 208) • Neste bolk: Aarland (Fedje gnr 168 bnr 221)