«Märteinen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

«Märteinen» er namnet på eit skipsvrak som er lokalisert på havbotnen i Djupvika på Lesund i Aure kommune.

Kort skipshistorikk

Båten vart bygd i Glascow, Skottland, i 1907. I 1922 var skipet overteke av eit svenskt rederi.

April 1940

6. april 1940 var "Märteinen" lasta med malmkis på veg frå Narvik til Middlesbrough i England. 9. april gjekk Tyskland til åtak på Noreg, og "Märteinen" leita difor etter naudhamn for å koma seg unna eventuelle kamphandlingar. Dei vart råda til å ankra opp ved Svinvik på Lesund.

16. april byrja tyske fly å bombardere båten. Mannskapet prøvde å koma seg inn til Svinvik i livbåtar, og vart skote på av mitraljøser frå flya. Men alle kom seg velberga i land. Ei bombe frå flya trefte så nært "Märteinen" at skipet sprang lekk.

Slepa til Djupvika

Seinare vart fraktebåten slepa opp i Djupvika, vest for Svinvik. Under denne operasjonen grunnstøytte skipet på eit blindskjer. Skipet vart liggjande i Djupvika til det etter kvart sokk heilt ned på havbotnen.

Kjelder