Årbok for Sykkylven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Årbok for Sykkylven er eit årleg skrift som vert gjeve ut av Sykkylven sogenemnd. Skriftet har kome ut sidan 1992. Ulikt mange andre årsskrift gjeve ut av sogelag er det i Årbok for Sykkylven også artiklar med nyhendepreg. Redaksjonane i årboka har hatt som ei målsetjing å finne fram til stoff som speglar av sykkylvssamfunnet i fortid og samtid. Mellom anna difor har det i mange år vore med ein fotokavalkade over det siste årets små og store hendingar i Sykkylven. Biletstoffet til desse årskavalkadane har vore henta frå lokalavisa Sykkylvsbladet sitt biletarkiv. Eit anna fast tema har vore presentasjon av lokale kunstnarar. Desse presentasjonane har i regelen vore lagt til midtsidene der ein har kosta på seg bruk av fargebilete. Redaksjonen søkjer elles å ha god breidde i stoffet slik at det skal vere noko av interesse for menneske i ulike aldrar og med ulike interesseområde.

Årsskriftet har dei siste åra hatt eit opplag på 1350, og det er svært høgt i ein kommune med eit innbyggjartal på kring 7500. Hovudårsaka til det høge opplagstalet er distribusjonsmåten. Heilt frå 1993 har ein hatt eit samarbeid med dei lokale grunnskulane om sal av heftet. Born i sjette eller sjuande klasse har teke på seg å gå rundt i sitt eige nærområde for å by fram skriftet. Som godtgjerdsle har dei, eller klassane dei går i, fått ein fast provisjonssats for salet.

Redaktørar

Redaktør for første utgåva av Årbok for Sykkylven var Eldar Høidal. Frå 1993-årgangen tok Roald Solheim frå Hundeidvik over redaktøransvaret. I 2000 var Eldar Høidal tilbake i redaktørstolen, før Kjetil Tandstad overtok stafettpinnen i 2003. Han har sidan vore redaktør i årboka. Ho kjem i regelen ut kvart år i slutten av november, akkurat i tide til julehandelen. For mange sykkylvingar har Årbok for Sykkylven blitt fast julelektyre.

Sogenemnda har lagt ut dei fleste årgangane av Årbok for Sykkylven på heimesida si.

Kjelder