Årdal kyrkje (Bygland)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdal kyrkje
Årdal kyrkje 2007.jpg
Årdal kyrkje.
Foto: Reidar Tveito (2007).
Stad: Grendi, Bygland
Byggeår: 1828
Kyrkjegard: rundt kyrkja
Kyrkjesamfunn: Den norske kyrkja
Bispedøme: Agder og Telemark
Prosti: Otredal
Prestegjeld: Bygland
Fellesråd: Bygland
Sokn: Årdal
Arkitekt: Anders kyrkjebyggar
Teknikk: laft
Materiale: tre
Takryttar: ja
Sitteplassar: 200
Anna informasjon: minst tredje kyrkja på staden

Årdal kyrkje er første gong nemnd i 1327 («Hardal»), då i ein kyrkjeleg rekneskap. I 1663 vurderte Titus Bülche (kongeleg utsending for å vurdere m.a. kyrkjebygga) Årdal kyrkje til å vere i så dårleg stand at ho måtte bli riven. Ny kyrkje vart sett opp i 1660-åra av «Ifuer Snedker». Denne kyrkja vart riven i 1827, av bevara bygningsrestar er berre kjend stavane til altarringen.

Ny kyrkje var oppsett i 1828. Byggmeister denne gongen var Anders Torson Solberg (f. 1778), også kalla Anders Syrtveit og Anders kyrkjebyggar. Anders sette opp mange andre kyrkjer, i alle fall Hægeland, Iveland, Evje, Bygland, Sandnes, Hylestad, Valle og Moland (Fyresdal). Årdal kyrkje er ei lafta åttekant-kyrkje.

I eldre tider hadde kyrkja landskyld-inntekter av øydegarden Vik (under ) og av Lande (½ hud). Prestebolet hadde mellom anna ein laup smør i landskyld av Greibrokk – den eigedomsparten er såpass stor at han kan ha gjeve levebrød for ein eigen prest i Årdal i ein periode før svartedauden.

Namnet Årdal blir i dag berre brukt om kyrkja og sokna. Det verkar truleg at det i si tid var namnet på opphavsgarden eller bygda (nåverande Grendi), d.v.s. ein parallell til Jordal og Årak lenger nord i kommunen.

Årdal sokn er eit av to sokn som er att i kommunen, og ligg under Bygland kyrkjelege fellesråd i Otredal prosti.

Galleri

Kjelder

  • Bolling, Reidar: Kyrkjeliv i Bygland, 1938
  • Grågås. Stavanger stifts og domkapitels jordebok, ca. 1620
  • Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, 2005

Eksterne lenkjer

Koordinater: 58.70713° N 7.82365° Ø