Årmotdalsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Årmotdalsvegen sett østover ved stulen Årmot.
Foto: Roy Olsen (2016).

Årmotdalsvegen i Årmotdalen i og Notodden går vest og nordover frå krysset med Skjelbreidvegen ved Åsebrua over Åseåa og følgjer elva over kommunegrensa mot Notodden til Gavlesjå.

I 1936 blei fyrste del av vegen anlagt frå Åsebrua og fram til Moen med tilskot frå Bø kommune, Telemark fylkeskommune og Staten. I 1954–55 bygde ein strekninga Moen–Årmotgvolven som privat skogsbilveg. Fylkeskommunen overtok ansvaret for vedlikehaldet av heile vegen fram til Moen i 1956, og seinare overtok Bø kommune forpliktingane.

Kring 1970 anla Sundsbarm kraftverk skogsbilveg vidare frå Årmotgvolven til Notodden kommunegrense som erstatning for bortfall av tømmerfløyting i Åseelva. Privat skogsbilveg blei etappevis bygd frå kommunegrensa til Grønbygil på 1970-talet. Det blei sett opp bom som seinare blei tatt ned.

Ei felles vegforening for sommarvedlikehald av den 7,2 kilometer lange privatvegen Moen–Grønbygil starta opp i 1986. Bomkasse blei sett opp ved Øverland for årskort og dagsbesøk. Årskort for hytteeigarane. Årmotdalsvegen blei lagd ned som kommunal veg i 2007 og overtatt av Årmotdalen veglag. Dei har bare ansvar for sommarvedlikehald av vegen. På eit fellesmøte for alle berørte grunneigarar 11. november 2010 blei det samrøystes vedtatt at vegforeninga skulle ha ansvaret for heile vegstrekninga frå Åsebrua til Grønbygil. 8. mars 2011 blei nytt fordelingsskjønn einstemmig vedtatt. Minstekrav for å bli medeigar i vegen er eigedom på minimum 10 mål. I samband med privatiseringa blei bommen i 2011 flytta frå Øverland til Åsebrua og fekk utstyr for betaling med bankkort.

Namnet Årmotdalvegen blei vedteke for strekninga Åsebrua–Moen i 1988. I 2015 blei namnet retta til Årmotdalsvegen, med binde-s, og namnet blei vedtatt også for resten av vegen fram til kommunegrensa mot Notodden. I januar 2017 vedtok Notodden kommunestyre at vegen frå kommunegrensa og fram til Gavlesjå skulle heite Årmotdalsvegen også i deira kommune.

Vegen er om lag 12,3 kilometer lang. 7,3 kilometer ligg i Bø og 5 kilometer i Notodden kommune. 7–800 meter forbi Grønbygil er vegen stengd med bom, og vidare kan ein ikkje kjøyre. Her er det opparbeidd ein del parkeringsplassar.

Kjelder

  • Bø kommune, formannskapssak nr. 20, 1. februar 1988.
  • Bø kommune, Teknisk eining, Sak K2-Q15, 2014 + saksvedlegg.
  • Notodden kommune, kommunestyresak nr. 7/17, 2. februar 2017. Arkivsaksnr: 16/1699
  • Kartverket: norgeskart.no


Koordinater: 59.47821° N 9.07032° Ø