Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Åsen (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Åsen
Åsen.jpg
Fyrst nemnd: 1596
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 190

Koordinater: 61°33′59″ N 007°18′19″ Ø


Åsen (Luster, gnr. 190) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Ormberg og i nord mot Bruheim.

Åsen er ein høgdegard og ligg på ei flate ca 150 meter over dalbotnen ved Sperla. Det låg ei rekkje husmannsplassar under Åsen, som vart matrikulerte og frådelt garden frå 1881 og frametter. I 1895 vart gamletunet òg delt i to då bruket Hauge vart utskilt.

Åsen har tradisjonelt vore ein av dei betre gardane i Jostedalen. I periodar frå tidleg på 1600-talet til 1734 var Åsen lensmannsgard i Jostedalen (sjå Lensmenn i Jostedalen). I ein 50-årsperiode på 1700-talet kom òg klokkarane i Jostedalen frå Åsen (sjå Klokkarar i Jostedalen).

Innhold

Steinskred 1741

Åsen vart i 1741 råka av eit fjellskred eller steinskred som var kome frå "høyeste field og nedgaaet lidet fra gaarden over gaardens slott i teiger og urd i den store Jøstedals Elv". Den eine slåtteteigen som var øydelagd, var ca 790 alen frå øvst til nedst og 126-189 alen i breidda. Slåtteteigen nedanfor, som gjekk heilt ned til elva, var 360 alen frå øvst til nedst og 126-360 alen i breidda. Dei øydelagde teigane var heilt dekte med store steinar, "som aldrig kand røddes". I tillegg var stølsvegen (opp i Skåldalen) øydelagd slik at fjellbeita ikkje lenger kunne nyttast. Tre slåtteteigar var òg øydelagde av flaum gjennom ein 10-20-årsperiode. Det er ikkje opplysningar om skadar på folk eller hus.[1]

Bruk

  • Bnr. 1, Åsen - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2, Åsastølen - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 27.6.1881
  • Bnr. 3, Stølen - fråskild bn. 1 ved delingsforrening 27.6.1881
  • Bnr. 4, Ospeneset - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 27.6.1881
  • Bnr. 5, Neset - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 27.6.1881
  • Bnr. 6, Flati - fråskild ved at bnr. 4 Ospeneset vart delt i to jamstore parsellar ved delingsforretning 30.5.1893
  • Bnr. 7, Røysum - fråskild bnr. 2 Åsastølen ved delingsforretning 23.5.1894
  • Bnr. 8, Krokgjelet - fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 11.-12.7.1898
  • Bnr. 9, Hauge - fråskild ved at bnr. 1 Åsen vart delt i to jamstore parsellar ved delingsforretning 17.10.1898
  • Bnr. 11, Nesheim (Rabben) - fråskild ved at bnr. 5 Neset vart delt i to jamstore parsellar ved delingsforretning 28.6.1905
  • Bnr. 13, Gamlestølen - fråskild ved at bnr. 2 Åsastølen vart delt i to jamstore parsellar ved delingsforretning 2.7.1936

Husmannsplassar

Det har vore seks ulike husmannsplassar under Åsen, og fem av dei er mellom dei eldste i Jostedalen. Alle husmannsplassane låg under bnr. 1 Åsen fram til dei vart fråskilde i 1880-åra:

  • Åsastølen (Seltun) - rydda i 1770-åra, fråskild 1881 som bnr. 2 Åsastølen
  • Åsastølen (Hagen) - rydda i 1780-åra, fråskild 1881 som bnr. 3 Stølen
  • Ospeneset - rydda i 1750-åra, fråskild 1881 som bnr. 4 Ospeneset
  • Ospeneset - rydda i 1780-åra, fråskild 1881 som bnr. 5 Neset
  • Krokgjelet (Gilja) - rydda i 1770-åra, fråskild 1898 som bnr. 8 Krokgjelet
  • Sva - teken i bruk 1867/68, nedlagd kring 1900

Notar

  1. Avtaksforretningar i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)

Kjelder og litteratur

  • «Aasen» i folketeljinga 1801 (Digitalarkivet)
  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der. Tidsskrift utgitt av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 208-251. (Digital utgåve, NBdigital)
  • «Åsen», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy