Øvre Romerike Mållag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øvre Romerike Mållag har som mål å vera eit forum for nynorsk på Øvre Romerike og å spreie kunnskap om nynorsk i det same området. Mållaget er ein del av fylkeslaget Vikværingen og Noregs Mållag. Øvre Romerike Mållag vart skipa i heradsstyresalen i rådhuset på Jessheim den 11. september 1990. Laget har i dag (2013) 41 medlemer.

Med i det fyrste styret var: Torgils Vågslid (formann), Kristian Skarsvåg, Eldbjørg Hole-Drabløs, Åslaug Haugå, Endre Standal, Mette Ulland Lund (varamann) og Inghild Skare (varamann). Lars Øyre sat som formann i tida 2002-2006, og deretter tok Torgils Vågslid over som leiar att.

Frå og med 2012 har Frode Myrheim vori leiar, og i det noverande styret sit elles: Torgils Vågslid (nestleiar), Solveig Fiskvik Aamodt (kasserar), Mette Ulland Lund (skrivar), Agnes Vågslid og Asbjørn Haug (varamann).

Laget plar ha kulturkveld i Kafé Henrik i Sundet (Eidsvoll sentrum) i mars. Innhaldet er ofte eit føredrag og musikalske innslag.