Øyskogen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyskogen med gravhaugar og furutre (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Øyskogen ligg midt i sentrum av Fyresdal og like ved Moland kyrkje. Dette er eit parkliknande område med mange svære furutre og ei rekke med gravhaugar, meir enn 20 i talet. I dette landskapet er det så etter kvart kome til ei gruppe med bygningar av ulik slag som utgjer ein del av Fyresdal Bygdemuseum. Presten Iver Andreas Teisner var og ordførar ein lengre periode. Han gjorde ein heilt utruleg innsats for kommunen og som takk for dette fekk han ein stor bauta sentralt i området.

Tettstaden Folkestadbyen ligg heilt inntil Øyskogen, denne vaks raskt fram frå 1850 åra, og på eit par område overlappar dei kvarandre. Einar Stoltenberg gjorde i 1939 ei registrering av gravhaugane i feltet, teikna dei inn på eit kart, og kom til at det var 21 stykke. Sjølv om det har vore ein del utbygging i området etter dette tidspunktet så har ikkje gravhaugane blitt direkte påverka av det. Eit unnatak er haug nr. 20 og 21 som delvis er kome under eit uthus. Kommunen sitt arealplankart frå 2001 syner relasjonen mellom gravhaugar og bygningar, det gjeng tydeleg fram av dette at dei stort sett er uavhengige av kvarandre, men ligg innimellom kvarandre.


Stoltenberg skriv i 1939 at gravfeltet tidlegare har vore mykje større, og at det i området aust for Folkestadgata der Folkestadbyen vart til var det tett i tett med gravhaugar. Han skriv og at på alle desse tuftene er det funne oldsaker, slike som øksar og sverd og ein liten kvernstein, og så vidare. Noko av dette skal vere innkome til oldsaksamlinga, elles er det uråd å få nærere opplysningar om dette.


Gravfunn

Sigilstamp (Biskopssegl). Einar Stoltenberg skriv i 1939 at det det ved haug nr. 4 i 1932 vart funne eit signet. I Universitetets Oldsaksamling kan vi om nr. 25333 som han syner til, lese: "Rundt sigill av bronse med skråttstilt øks vendende mot høire. Ved øksens skaft umiddelbart under bladet en liten kule. En lignende ordning fins på sigillene nr. 809, 810 og 935 hos H. J. Huitfeldt Kaas: Norske Sigiller. Omskriften må efter professor dr. Oluf Kolsrud leses + berulf helgeson, som må være Bjørgulf Helgeson, lagrettemann i Telemark, som er nevnt i flere diplomer fra 1528-36. (Dipl. Norv. III s. 805, VII s. 777, IX s. 620, 678, 786, XV s. 495.) Ifølge professor Kolsrud må innskriften også efter bokstavformen være fra første halvpart av 1500-å.) Funnet i Øyskogen under Prestegården (gnr. 36), Moland s., Fyresdal pgd., Telemark. Gave fra herredsskogmester Einar Stoltenberg, Fyresdal."

Tusenårsstad

Øyskogen er ein mykje bruka stemneplass, og det er Fyresdal kommune sin 1000-års stad.

Minnesmerke for prost Teisner (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Eksterne lenker


Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Bjercke, Kari Benedikte: Desimering av fornminner. Gjennom et halvt århundre. En komparativ analyse med materiale fra Telemark. (Skien og Fyresdal.) Hovedfagsoppgave i nordisk arkeologi. Universitetet i Oslo. Våren 2001.
  • Taraldlien, BendikFyresdal. Med bilæte.  Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal. Med bilæte. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo. (s. 79) (Eigentleg bind 2.)