Amund Frøese

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Amund Frøese (fødd 19. november 1860 i Sunnylven, død 22. august 1935 i Askim) var son av gardbrukar Magnus Nilsson på Frøise og Nikolina Knutsdotter. Frøese gifte seg i Chicago, USA, den 17. mai 1892 med Dina Eveline f. Huseby (1869-1938).

Frøese tok artium i 1881, utvandra til USA i 1886 tok presteeksamen i Madison året etter. Deretter arbeidde han som prest ymse stader. I 1899 flytte Frøese og kona til Oslo der han i 1900 vart tilsett i Kristiania indremisjon. Han tok teologisk embetseksamen i 1902 og vikarierte deretter i fleire ledige kall fram til 1906.

Den 14. august 1906 vart han så utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han kom til bygda 4. oktober. I prestetida hans gjekk Jostedal kyrkje gjennom ei større oppussing, og det vart samla inn pengar frå jostedøler i Amerika til orgel og ny lysekrone i kyrkja. Kona Dina var organist så lenge dei budde i Jostedalen.

I Frøese si tid i Jostedalen vart òg Blix-salmane røysta inn med overveldande fleirtal i kyrkja (1907), og språkskiftet til nynorsk i skulane i Jostedalen vart fullført utan at det er klart korleis Frøese stilte seg til dette.

Frøese og huslyden forlet Jostedalen 1. november 1912 etter at han den 17. desember vart utnemnd til sokneprest i Lindås. I 1924 vart han prost i Nordhordland. Etter at han fekk avskil i 1930 flytte han og Dina til Askim der dei budde resten av livet. Dei fekk fem born.

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 36a-36b. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 342. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 226.


Forgjengar:
 Ragnvald Cornelius Knudsen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Carl Fredrik Falkenberg