Anders Andersson Haugen (1809–1882)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter.

Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre.

Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til ØrskogSunnmøre og året etter vidare til Grytten. I 1858 flytte dei attende til Ørskog som plassfolk, og her budde dei resten av livet.

Anders og Mari fekk seks born, og fem av dei voks opp. Alle vart fødde i Jostedalen mellom 1835 og 1850, og dei flytte med foreldra til Sunnmøre.

Anders Andersson Haugen er nemnd som setjeordførar i Jostedalen i 1850, men det er mest truleg snakk om faren Anders.

Bunadsskatt

Mellom sakene Anders og Mari tok med seg frå Jostedalen i 1853, var ei rekkje bunadsplagg frå Haugen og Kruna. Oldebarnet Margot Berge (f. 1911) gav i 1995 denne bunadsskatten i gåve til Jostedal historielag. I samlinga var det sju bunadsliv, to bringedukar med perlebroderi på silke, ei trøye, eit forkle, eit stølebelte og fire konehuver og barnehuver. Sidan hausten 1995 var kleda utstilte på Breheimsenteret, og dei gjekk tapte då Breheimsenteret brann ned til grunnen 28. juli 2011. Kleda er fotograferte og registrerte av Norsk institutt for bunad og folkedrakt ved Valdresmusea.[1]

Notar

  1. Bunadsskatt gjekk med i brannen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 754. (Digital utgåve, NBdigital)