Anders Sjurson Kruna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Anders Sjurson Kruna (fødd kring 1663, gravlagd 26. november 1741) var frå garden Li i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han og kona Eli Paulsdotter, dotter av ein gardbrukarson frå Bjørkehaugen, fekk kring 1698 ta over som leiglendingar på Kruna. Garden hadde vore delt, men vart no samla til eitt bruk att.

Då var Anders alt gardeigar. 6. mars 1691 vart han den andre lokale eigaren av eit gardsbruk i Jostedalen (etter Hans Ottoson Ravn) då han kjøpte Bjørkehaugen av Ludvig Munthe.

Jon Laberg (s. 55) skriv at «Anders var av dei gjevaste i dalen. Han var mest altid med når noko skulde gjerast, millom anna hadde han det uhuggelege arbeid å vera med å likna ut 'dagskatten' i 1713.»

Anders Kruna var kyrkjeombodsmann i Jostedalen 1720-1722, altså dei siste åra før kyrkja vart auksjonert bort.

Anders og Eli fekk seks born, mellom anna:

  • Sjur Andersson (1700-1776), gardbrukar i Bakken
  • Paul Andersson (1702-1753), gardbrukar i Li
  • Gjertrud Andersdotter (1704-1776), gift med gardbrukar og kyrkjeeigar Henrik Anderson Kreken
  • Anders Andersson (1707-1791), gardbrukar på Haugen
  • Agatha Andersdotter (f. kring 1710)
  • Siri Andersdotter (1712-1776), gift med paktar Knut Erikson på Jostedal prestegard

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 827. (Digital utgåve, NBdigital)