Andreas Furseth Konfeksjonsverksted

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Andreas Furseth Konfeksjonsverksted er ein tidlegare konfeksjonsprodusent i Sykkylven. Andreas Furseth kom til Sykkylven omkring år 1900 for å livnære seg som skreddar. Han budde første tida i Eliasgarden på Aure, og der innreidde han verkstad i loftsetasjen. I 1907 bygde han hus på ei tomt som var utskild frå Rellingsplassen på Aure. Dette huset selde han i 1911 til Ole T. Lied. I staden kjøpte Furseth Hotel Søndmør i Haubukta av Bastian J. Aure (Jordmor-Bastian). I det tidlegare hotellet hadde han verkstad i første etasje og hybelhusvære i andre. Etter 1911 kunne Furseth auke arbeidsstokken. Talet på tilsette kom snart over ti. Dette var før det kom elektrisk kraft til bygda. Det var parafinlamper som gav arbeidslys, og ein vedomn gav varme til strykejarna.

Andreas Furseth dreiv berre med leigesaum av tyngre herrekonfeksjon. Så tidleg var det ikkje aktuelt med spesialisert kjedeproduksjon. Kvar arbeidar fylgde sitt plagg fram til det var ferdig. I regelen var det slik at kvinnene sydde bukser og vestar, medan karane sydde jakker. Etter kvart som det vart færre karar i konfeksjonsfabrikken, sydde kvinnene jakkene også.

I 1920 bygde Furseth hus på nytt, på bruk nr. 10 på Klokkarhaugen, det som seinare vart kalla Solnørdal-huset. Her innreidde Furseth skreddarverkstad i første etasje. Der sat syarane på rekkje og rad med maskiner som dei hadde kjøpt sjølve. Konfeksjonsartiklane frå Furseth-verksemda vart selde over heile landet, men størstedelen gjekk nordover.

Andreas Furseth fekk kjenne dei vanskeleg tjueåra på kroppen. Han tapte mykje pengar på kundar som ikkje greidde å gjere opp for seg. Det vart difor til at Aalesunds Konfektionsfabrik kjøpte bygget på Klokkarhaugen. Dei hadde planar om å drive Furseth sin tidlegare verstad som ein filial med Furseth som styrar, men det vart det ikkje noko av. Andreas Furseth bygde i staden endå eit nytt hus lenger inne på Klokkarhaugen.

I 1932 ville sonen, Paul Furseth, prøve å puste liv i familietradisjonen att. Han engasjerte faren som første arbeidar i P. Furseth Konfeksjonsfabrikk. Furseth fekk gode salsavtalar, og verksemda voks monaleg utover i trettiåra. For å gje plass til stadig fleire tilsette forlengde dei det opphavlege trebygget med eit tilbygg i betong i 1939. I 1945 reiv dei taket av det gamle huset, og bygde på ein ekstra etasje over heile lengda. Det er dette huset på Klokkarhaugen som i dag vert kalla Strømmehuset.

Første agenten til P. Furseth Konfeksjonsfabrikk selde i Nord-Noreg. Tidlegare hadde agenten representert Fønix. Svogeren til Paul Furseth var Thomas Strømme. Han arbeidde hos Ole T. Lied fram til 1934. Då slutta han der og tok til ved P. Furseth Konfeksjonsfabrikk. Strømme hadde vore medeigar heilt frå starten i 1932. Bedrifta baserte seg i byrjinga på leigesaum av tyngre herrekonfeksjon: bukser, dressar, frakkar og kapper. Dei fekk ein vellukka avtale med grossistfirmaet Sundt i Bergen. Sundt tok seg av råvareleveransar og sal. I 1939 var arbeidsstyrken ved konfeksjonsfabrikken komen opp i 50 personar, dei fleste kvinner. Då krigen kom, sa Sundt opp samarbeidet, og det førte til at verksemda måtte halvere arbeidsstokken.

Etter 1945 vart leigesaumen avvikla. I staden kjøpte konfeksjonsfabrikken stoff hos grossistar og selde varene gjennom salsrepresentantar. Då var det også fabrikken som heldt arbeidarane med maskiner.

I 1950 hadde P. Furseth Konfeksjonsfabrikk 30 tilsette, av dei 25 kvinner. Desse tala endra seg lite utover i tiåret. Framleis vart det produsert mest herrekonfeksjon, men etter kvart kom bedrifta også inn på uniformsmarknaden. Same produkta heldt Paul Furseth fram med etter at han og Thomas Strømme skilde lag i 1962. Då flytta Paul Furseth over i dei ledige lokala etter Fønix. Han vart m.a. underleverandør til Kløverhuset i Bergen. Strømme tok over uniformsproduksjonen til P. Furseth Konfeksjonsfabrikk då denne verksemda vart avvikla i 1972.

Kjelde