Anna Flatin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tidleg teikning i eigen handskriven oppskriftbok
Foto: Anna Flatin

Anna Flatin f. Nordskog (fødd 22.mars 1917 i Morgedal, død 9.mars 2000) var ein gåverik teiknar og rosemålar. I sitt vaksne liv var ho husmor med ansvar for dyr, familie og heim. Anna teikna mykje frå ho var ganske ung, og illustrerte småartiklar og soger.

Anna var dotter av Knut Halvorsson Nordskog (1877-1950) og Anne Olavsdotter Kleivi frå Flatdal (1884-1965), og syster i ein syskenflokk på seks, der alle var både nevenyttige og kunstnariske. Dei teikna, måla, rosemåla eller laga treskulptur/trearbeid: Hallvor, Olav, Aasne Nordskog, Anna, Norvald og Signe.

Anna flytte frå barndomsheimen i Nordskog då ho gifte seg med Eivind Flatin og flytte til Ramberg. Som vaksen gjekk ho på rosemålarkurs hos Jon Solli frå Åmotsdal, og blei etter kvart veldig dyktig. Ho deltok i husflidstevlingar både på Handelsstevnet i Skien og på Dyrsku'n i Seljord. Rosemålinga hadde fått sin renessanse på denne tida, og ho starta sjølv med å undervise i dette.

Anna Flatin vart gravlagt på Seljord kyrkjegard.


"Ja du hev øl du Austtjønnmann, ja du er gubben sin heran. Fraa tunna høyrde eg ølet rann, og tung var bollen å bera".

Kjelder

Eksterne lenker