Arne Hansson Lerum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Arne Hansson Lerum (døypt 20. mai 1736, død 28. oktober 1820) var husmannsson frå Luster i Sogn og Fjordane. Han vart lensmann, gardbrukar og ein framståande haugianar i Luster.

Foreldre og oppvekst

Arne var son av Hans Larsson Murnæs (1697-1741) frå plassen Myri under Dale i Luster og Gjertrud Pedersdotter (1700-1765) frå Bringe i Luster. Foreldra fekk hand om husmannsplassen Kjempeneset under Kvale i Luster i 1738. Faren døydde då Arne berre var fem år, så han voks truleg opp med mora og tre sysken. Dei tre syskena som voks opp, vart plassfolk som foreldra.

Mora kom på legd kring 1759, og det året drog Arne som soldat til København. Frå juni 1761 var han ryttar i den kongelege livgarden.

Sagbrukar

Etter å ha vendt heim frå København, gifte han seg 2. august 1767 med Margretha Hansdotter Urdahl (1736-1774) frå Lærdalsøyri, dotter av prokurator og handelsmann Hans Henrik Urdahl (1698-1771) som var presteson frå Luster. Sosialt var dette eit langt steg opp frå oppveksten som husmannsson.

Same året (11.6.1767) hadde Arne kjøpt Feigesagi under Feigum med inventar og kverner, og han og Margretha flytte hit. Her fekk dei to born, men Margretha døydde alt som 38-åring i 1774 då dei to borna var fem og drygt eitt år gamle.

Arne Hansson gifte seg opp att 7.11.1775 med den 12 år yngre Siri Danielsdotter (1748-1835) frå Feigum, og frå 1776 til 1794 fekk dei åtte born. Broren til Siri, Ole Danielsen, skreiv 2.2.1776 ut eit gåvebrev til Arne Hansson på åtte merker smør som han hadde erva etter faren i Feigum (bnr. 1). Arne og Siri busette seg no her, men han heldt fram med å drive Feigesagi. I 1782 fekk han såleis kongeleg løyve til å skjere 2300 bord i året.

På eigedomen som høyrde til Feigesagi var det ein husmannsplass, og sagmeisteren var husmann. I alle åra Arne Hansson dreiv saga, var Tollef Anfindson (1735-1790) sagmeister og husmann.

Gardbrukar og lensmann

I 1780 vart Arne Hansson lensmann i Luster, og fire år seinare flytte han og huslyden frå Feigum. Den 22.10.1784 gjorde han makebyte med Arne Pedersson og fekk hand om Leri (bnr. 3) der Arne Hansson og Siri vart buande livet ut.

I 1806 tok eldstesonen Hans Arneson Urdahl over lensmannsembetet i Luster, og same året tok Arne og Siri kår på garden. Dei hadde selt helvta av garden til sonen Peder Arneson i 1803 og andre helvta til sonen Daniel Arnesen i 1806. Det vart likevel systera deira Gunnhild Arnesdotter og ektemannen hennar, Hans Pederson Lerum frå Holmestad, som vart buande på garden frå 1807 (skøyte same året).

Haugianar

Hans Nielsen Hauge kom til Luster for fyrste gong i 1801, slutta både Arne Hansson og heile familien seg til haugianarane. Ved dette høvet heldt Hauge eitt av møta sine hjå lensmannen på Leri, og det samla seg så mykje folk at Hauge måtte halde møtet under open himmel.

Sonen Hans Arneson Urdahl var ein av dei fremste haugianarane i Luster i lag med Torgeir Næss. Den yngre sonen Daniel Arnesen vart ein kjend lekpreikar.

Born

Arne Hansson fekk to søner med Margretha:

  • Hans Arneson Urdahl (1769-1829), lensmann og gardbrukar
  • Arnt Christopher (Christopher Arneson Nagel) (1773-1825), borgar i Bergen

Med Siri fekk Arne åtte born:

  • Margretha Arnesdotter (1776-1858), gift med gardbrukar Hermund Sjurson på Flåten i Hafslo
  • Gunnhild Arnesdotter (1778-1780)
  • Gunnhild Arnesdotter (1780-1863), gift med gardbrukar Hans Pederson på Leri
  • Daniel Arnesen (1782-1870), ei tid gardbrukar på Hauge
  • Peder Arneson (1784-1828), ei tid gardbrukar på Svangstu
  • Christen Arneson (1786-1856), tollbetjent i Bergen
  • Mari Arnesdotter (1788-1818), gift med strandsitjar Hans Andersson på Kvalsøyri under Kvale
  • Lukris Arnesdotter (1794-1829), gift med gardbrukar Sjur Torkildson på Haugen

Kjelder og litteratur

  • Tang, Per. Haugianismens barndom i Indre Sogn. Sogns Tidende, 28. mai og 4., 5., 18., 22. og 25. juni 1909.
  • Øyane, Lars E. (1987). Dale 2 og Nes sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 3). Gaupne: Luster kommune, s. 317-318 (Leri), 452 (Feigesagi) og 457 (Feigum).
  • Øyane, Lars E. (1986). Dale 1 sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 2). Gaupne: Luster kommune, s. 124, 344 og 548 (foreldre og besteforeldre)
  • Arne Hansen i folketeljinga 1801 for Luster prestegjeld frå Digitalarkivet

Eksterne lenkjer