Augusta Morken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Augusta Morken (t.v.) og Gjertrud Knutsdtr. Veum, f. Brokke (1835-1922).
Foto: Bendik Veum (1917).

Augusta Morken (1838-1920), født Augusta Amalia Adamsdotter Westerlund, var kokke i ein svensk militærforlegning og som gift busatt på plassen Morken i Fyresdal. Her heldt ho fram med sin kokkekunst i diverse samkomer.

Plassen Morken under Kvasjord gnr. 83/1 vart fyrst rydda og bygd kring 1817. Jordsmonnet er skrint, og dei fyrste som busette seg der, vart enten fattige eller dei drog til Amerika. Morken ligg oppe i lia på vestsida av hovuddalføret vis-à-vis Veum–gardane.

Knut Olavson Morkji (1844-1917) og kona, Augusta, fekk feste Morken frå Olav Kvasjord for levetida i 1877. Då hadde dei alt vore her i fleire år.

Knut og Augusta hadde truleg ikkje noko slag fast avtale då dei busette seg på Morken. Knut var frå Seljehommen gnr. 82/3 og vart i 1870 gift med Augusta Amalia Adamsdotter Westerlund frå Ekeby i Sverige. Foreldre var Adam og Augusta Westerlund i Lundstorp, Øster-Gøtland.

Etter munnlege overleveringar var Knut ei tid i militærteneste i Sverige, altså i kongens teneste. Augusta skulle vere kokke hjå kongen, men ho var nok heller kokke i militærforlegningen der han tenestegjorde. Altså kokke for kongen, men ikkje hjå kongen. Truleg var dette ein forlegning til utdanning av offiserar.

Knut må ha fått ein del kontakt med henne og la ut om den svære garden eller godset han hadde heime i Fyresdal. Ho trudde etter kvart at det måtte vere slik, stola på han og vart med den lange vegen til Fyresdal. Utruleg langt måtte det vere den tid, og tungt var det nok ikkje minst opp bakkane til Morken. Ho undra seg på om dei ikkje snart var framme ved den store garden han hadde, men då peika han berre utover plassen og sa at dette var der dei skulle bu. Det er sagt at ho såg utover det som måtte vere eit sers stusseleg syn i høve til det ho hadde blitt lova, sette seg på ein stein og gret, og sa:

«Det finns alls inte annat enn sten på sten uti Marken».

Men så turka ho vekk tårane, reiste seg opp og tok fatt på det som vart eit liv prega av det dugande mennesket ho var. På Morken vart dei buande og dei fekk sju born. I tillegg til arbeidet på staden var ho ikring og kokka i alle type lag på gardane og elles. Ho vart sers mykje nytta og var kjend for å gjere ein dugande jobb. Bendik Veum skriv i ætteboka si:

«Augusta Amalia var ein ordgjeten flink kokk».

Knut døydde på kyrkjestaden Øyane, medan Augusta budde på Morken då ho døydde. Ho døydde i Skien medan ho oppheldt seg hjå ei dotter. Alle ungane hadde då flytta ut av Fyresdal og etter henne budde det ingen på plassen Morken. Der er i 2011 berre murane att etter hus.


Kjelder og litteratur

Eksterne lenker