Aure kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Aure
Imarsundbrua.
Basisdata
Kommunenummer 1576
Fylke Møre og Romsdal
Kommunesenter Aure
Areal 643.93  km²
Areal land 624.79  km²
Areal vatn 19.14  km²
Folketal 3 590 (2017)
Grunnlagt 1837
Samanslåing(ar) 1965: Deler av Valsøyfjord og Tustna innlemma
2006: resten av Tustna innlemma.
Frådeling(ar) 1894: Valsøyfjord eigen kommune.
1975: Engdal og Rodal overført til Halsa.
Målform Nøytral
Nettside Nettside
Imarsundbrua.

Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla og Halsa utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen.

Geografi

Kommunen består, rekna frå vest mot aust, øyene Golmøya, Tustna, Solskjelsøya, Stabblandet, Ertvågsøya, Grisvågøya, Lesundøya og Skarsøya, og i aust ligg Aurlandet som den vestlege delen av ei halvøy delt mellom Aure og Hemne kommunar. På alle desse, og i tillegg på nokre mindre øyer og holmar, finst det matrikkelgardar. Bygder og grender inkluderer Sør-Halsnes, Sør-Tustna, Leira, Gullstein, Sålåsundet, Nordheim, Foldfjorden, Ålmo, Vågosen, Mjosundet, Aure sentrum, Todalen, Stemshaug og Kjørsvikbugen.

På Lesundøya ligg Ungdomshuset Strandtun, og øya hadde eigen skulekrins til 2009.

Administrasjonshistorie

Tinglag

Nordmørs fogderi i Trondheims lenkring 1647. Viks tinglag er markert i mørkeblått og Halsa tinglag i lilla. Det tilgrensande Hemne tinglag låg under Fosens len.

Det som no er Aure kommune svarar til det meste av Viks tinglag, men området vest for Imarsundet (Stabblandet og Tustna) hørte til Halsa tinglag og nordaustsida av Skardsøya og austover til Kjørsvikbugen hørte til Hemne tinglag. Vinje låg til Viks tinglag, men ligg no i Hemne kommune. Så vidt vi veit om, svara tinglaga her til dei gamle skipreidene.

Prestegjeld

Aure prestegjeld vart delt i Aure og Edøy i 1749, og Hitra prestegjeld vart delt i Hitra og Hemne prestegjeld i 1765.

Kommune

Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.

Kommune- og regionreform i 2010-åra

I kommunereformen 2014–2020 skreiv Aure kommune under to intensjonsavtalar:

Det vart arrangert rådgjevande folkeavstemning om desse to alternativa og nullalternativet den 25. april 2016. Resultatet vart tydeleg fleirtal mot samanslåing. Samtidig stemte ca. 67 % for Hemne-alternativet om det skulle bli samanslåing, mens ca. 24 % stemte for Kristiansund-alternativet.

Resultatet viser elles stort samsvar med InFacts meiningsmåling publ. februar 2016, som viste 66,7 % for overgang til Sør-Trøndelag og 24,6 % for å bli verande i Møre og Romsdal; så vel som Sentios meiningsmåling publ. april 2017, som viste 74,0 % for Trøndelag og 24,0 % for Møre og Romsdal blant innbyggjarane i kommunen.

Aure hører med til nordmørskommunane som har vedteke å utreie og arbeide for overgang til Trøndelag per desember 2016.

I samband med regionreformen, der Nord- og Sør-Trøndelag har vedteke å slå seg saman til Trøndelag, har Aure kommune og fem andre nordmørskommunar vedteke å arbeide for overgang til den nye Trøndelagsregionen.

Språk

Dialekt

Den tradisjonelle dialekten i heile kommunen er typisk nordmøring med tjukk l, inkludert i -ord i store deler av kommunen (minst på innersida av Tustna); jamvekt med kløyvd infinitiv; og ulik ending i eintal bestemt form nominativ/akkusativ av svake hokjønnsord (/-a i ord som bókjä, äłvä; /-o i ord som bøttå/bøtto, hokkå/hokko).

En del trekk er typiske for gamle Aure og Hemne prestegjeld — frå Tustna, Smøla og Valsøyfjorden i vest og til Hemne og store deler av Snillfjord kommunar i aust. Hit hører blant anna ordet sný, bruken av pronomenet æ (og dels äg(g), äk(k); men Tustna har tradisjonelt é); skjúr (Aure, Valsøyfjord, Hemne, Snillfjord); nektingsadverbet ittj (Stemshaug, Hemne, Snillfjord; Aure varierer; og Tustna har ikkje, som rettnok ser ut til å vera ei yngre form på Stabblandet).

Skulemål og administrasjonsspråk

Kunst og handverk

Draktskikk og bunader

Kunst

Kystkultur

Båtar

Nybygd aurgjeldsfyring ved Husasnotra i nabokommunen Halsa.
Foto: Olve Utne (2015)
Åfjords-sildgansfyring ved Aure.
Foto: Kristian Kielland (1936)

Aure kommune ligg i skjeringspunktet mellom tre primære tradisjonsbåtområde:

Søfjordingen hadde sitt tyngdepunkt i Skålvikfjorden, rett innanfor SålåsundetTustna, fram mot slutten av 1800-talet, medan området kring Aursundet var kjerneområdet for aurgjeldgeita. Utover mot Trondheimsleia, særleg lengst aust, var det akkurat som på Smøla vel så vanleg å bruke grisbåtar (åfjordsbåtar). Aurgjeldgeita vart etterkvart òg mykje prega av åfjordstradisjonen.

Til heimefiske og småærend vart òg småe, tverrskotta og flatbotna båtar som blir kalla kokså (Tustna) eller pramo (Aure), bruka. Desse båtane skal vera basert på nordamerikanske skiffs.

Dei største tradisjonsbåtane det finst levande tradisjon på at har eksistert i kommunen er åttringar med åtte par årar, og somme har nemnt kjerkjebåtar med ni par årar. Kjerkjebåten «Fjordamerra» frå 1842 med sju årepar er den eldste — og største — kyrkjebåten som er bevart i området, og det er bygd fleire kopiar av han frå 1990-åra av.

Fram mot slutten av 1800-talet kom fleire båttypar i bruk i området. Ein av desse typane var lysterbåten eller nordmørslystringen; ein annan variant var nordlandsbåten, som det da òg vart bygd somme av lokalt; og éin båtbyggjar bygde endatil nordfjordsbåtar.

Bryggjer og naust

Svalgangsbryggje og svalgangsnaust i ArasvikaErtvågsøya.
Foto: Olve Utne (2015)
Svalgangsbryggje på Innerberg ved Sålåsundet.
Foto: Olve Utne (2008)

I Aure kommune finst den største konsentrasjonen av bevarte svalgangsnaust og svalgangsbryggjer i landet.

Næringsliv

Tjeldbergodden industrianlegg vart bygd av Statoil i 1990-åra. Før utbygginga vart det utført arkeologiske utgravingar, der ein gjorde funn frå Fosnakulturen frå yngre steinalder.

Nyhavn gassterminal tek imot gass frå Ormen Langefeltet.

Aursundbrua går over Aursundet, og bind saman øyene og fastlandet.

Sjå òg

Galleri

Litteratur