Visste du at alle artikler i denne wikien er under kontinuerlig utvikling?
Er det noe du ønsker å skrive om eller omskrive? Registrer deg som bruker og bli med på laget!
Har du mindre korrigeringer eller supplerende opplysninger? Ta kontakt med oss på Norsk lokalhistorisk institutt!

Avaldsnes

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Olavskyrkja på Avaldsnes.
Foto: Christian Bickel

Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad.

Gravfelt frå bronsealder

Nordvest for Olavskyrkja på Avaldsnes, på gardane , Ner-Haugo, Utvik og Vikshåland finst ein morenerygg som strekkjer seg i retning nordaust–sørvest. Ryggen vert kalla for Reheia eller Blodheia. Seks store gravhaugar frå bronsealderen ligg framleis her, den største rundt 30 meter i tverrmål og 7–8 meter høg. Gamle kart og andre opplysningar vitnar om at dei fleste haugane er blitt fjerna. Folketradisjonen har knytt haugane på Reheia til gravleggingar etter slaget mellom Håkon den Gode og Guttorm Eiriksson på Avaldsnes. Ein av haugane har såleis fått namnet Guttormshaugen eller Prinsehaugen. Ein bautastein attmed denne haugen er blitt sett på som eit minnesmerke over den falne kong Guttorm og folka hans. Utgravingar på 1800-talet, dei fleste gjort av lokale bønder, men også nokre av museumsfolk, resulterte i ein del funn i haugane på Reheia. Berre eit fåtal av desse er bevart. I Guttormshaugen kom til dømes for dagen ei ubrend gravlegging i eit gravkammer frå eldre bronsealder. Gravgåvene bestod mellom anna av eit bronsesverd, ein armring av gull og små stykke av tynt, hamra gull brukt som dekor.

Flagghaugen og Jomfru Marias synål

Like nordaust for Olavskyrkja på Avaldsnes, på terrassekanten ut mot Karmsundet, kan ein framleis sjå restane av gravhaugen som vert kalla Flagghaugen. Det var sokneprest Johan Lyder Brun som starta å grava ut haugen midt i 1830-åra, fordi han måtte skaffa jord til fyllmasse på kyrkjegarden. Brun kom dermed til å finna den mest gullrike grava frå romartid som til no er kjent i Skandinavia. Ein mann med eit praktfullt tveeggja sverd, lanse, spyd og skjold var blitt gravlagt i haugen ein gong mot slutten av 200-talet etter Kristus. Ein massiv gullarmring i grava vog nesten 600 gram. Elles var her mellom anna ein fingerring av gull, ei gullnål, ymse gullfragment, 31 spelebrikker av glas, ein bronsespegel (den eldste spegelen ein kjenner i Noreg), ei skålvekt av bronse, fleire vasar og fat av bronse, eit drikkebeger av bronse med sølvdekor, sølvbeslag til drikkehorn og ein sil av bronse.

Attmed kyrkjeveggen, ikkje langt frå Flagghaugen, står bautasteinen kalla Jomfru Marias synål. Han er 7,2 meter høg og skal vera den høgaste bautasteinen i landet. Toppen er knekt av, så opphavleg har "synåla" raga endå høgare. Steinen lener seg inn mot kyrkjeveggen og i følgje ei gammal segn skal dommedag inntreffa når Jomfru Marias synål tangerer Olavskyrkja. Det fanst ei runeinnskrift på bautasteinen, men denne er no viska bort.

Flagghaugen og Jomfru Marias synål inngår i eit rikt fornminneområde like ved Olavskyrkja. Her har stått fleire bautasteinar, som no er borte. Like sør for kyrkja låg den store gravhaugen kalla Kjellarhaugen. Haugen, som ikkje er nærare datert, fekk namnet sitt då soknepresten brukte han til å anleggja potetkjellar i første del av 1800-talet. Restane av Kjellarhaugen blei undersøkt og restaurert i 2000.

Skipsgravene

Den eldste kjente skipsgrava i Skandinavia stammar frå gravhaugen kalla Storhaug på garden Gunnarshaug nord for Avaldsnes. Ein trudde lenge at skipet i Storhaug var yngre enn skipa frå Oseberg og Gokstad, og at skikken med skipsgravleggingar kom til Avaldsnes med Harald Hårfagre og Ynglingeætta. Nye granskingar har vist at gravlegginga i Storhaug fann stad om lag midt på 700-talet. Det var arkeologen Anders L. Lorange frå Bergens Museum som stod for utgravinga av Storhaug i 1887. Haugen var 40–45 meter i tverrmål og 5–6 meter høg. Berre fragment av skipet er bevart, men dei tyder på at storleiken har vore omtrent som for vikingskipa frå Vestfold (lengde 22–24 meter, breidde 5 meter). I grava fanst mellom anna to sverd, eit spyd, eit pilkogger med pilar, ein kniv, ein armring av gull som vog 43 gram, to sett spelebrikker laga av høvesvis rav og glas, ein bronsering, glasperler, eit voksstykke med innriss tolka som ein kross og mange reiskapar, mellom anna smedutstyr.

Den andre skipsgrava på Karmøy, Grønhaug, ligg på garden Bø nordvest for Olavskyrkja. Arkeologen Haakon Shetelig frå Bergens Museum grov ut haugen, som hadde vore plyndra tidlegare, i 1902. Han fann at Grønhaug var om lag 30 meter i diameter og 4 meter høg. Også i denne grava var berre fragment av skipet bevart. Det hadde truleg vore kring 15 meter langt og nærare 3 meter breidt. Store mengder dun frå dyner eller puter kom for dagen, saman med mellom anna skår av eit grønleg glasbeger, eit vokslys, to samanhengande ringar av bronse, restar av trekar og mange små tekstilbitar. Dateringa av Grønhaug er noko uklar. To C-14 dateringar har gitt som resultat 700-talet og første eller midtre del av 900-talet. Dette spriket kan kanskje koma av at det har funne stad fleire gravleggingar i haugen.

Arkeologen Arnfrid Opedal argumenterer i si doktoravhandling for at skipsgravene på Karmøy må sjåast i samanheng med politiske tilhøve i denne delen av landet før rikssamlinga. Både fornaldersagaer, som omtalar kongar på Avaldsnes, og arkeologisk materiale kan tyda på etablering av eit maktsenter ved Karmsundet med lokale støttepunkt i Nord-Rogaland og Sunnhordland. Slike rike var sterkt personavhengige og utan faste grenser. Dei nøye iscenesette skipsgravleggingane i eit landskap prega av store gravhaugar frå bronsealder og eldre jernalder, kan ha vore forsøk på å skapa "lim" til oppbygging av eit nytt rike eller til å halda eit rike saman ved herskaren sin død. Dei gravlagte i skipa knytta truleg banda til forfedre og gudeverda, og begravelsane kan dermed ha legitimert nye makthavarar sin rett til å herska.

Kongsgarden

Avaldsnes var etter slaget i Hafrsfjord ein av Harald Hårfagre sine viktigaste kongsgardar. Den første rikskongen døydde her og blei gravlagt ved Karmsundet. Sagaopplysningar og lokal tradisjon har peika mot at Harald blei hauglagt på Haugå eller Gardå i noverande Haugesund. Etter initiativ frå borgarar i Haugesund blei det i 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, bygd ein stor haug oppå ein liten gravhaug på Gardå. På toppen av haugen reiste ein så Haraldsstøtta, som har fått status som offisiell markør for Harald Hårfagre si grav. Håkon den gode, son til Harald Hårfagre, budde truleg også i periodar på Avaldsnes. Sørvestlandet utgjorde kjerneområdet i kystriket som stod under direkte kontroll av Håkon, og det strategiske Karmsundet var ein naturleg opphaldsstad. Håkon hadde teke den kristne trua under oppfostringa hos kong Adalstein i Wessex, og det er rimeleg å tru at han let reisa ei kyrkje i kongsgarden på Avaldsnes.

Olav Tryggvason og Olav den heilage hadde sine maktbasar andre stader i landet, men også dei var innom Avaldsnes på reisene langs kysten. To eventyraktige episodar er knytta til Olav Tryggvason sine opphald her. Ved det eine høvet fanga kongens følgje ein flokk seidmenn, som blei sette på Skratteskjer der dei døydde ved flo sjø. Andre gongen kom sjølvaste Odin til gards i form av ein gammal, einauga mann. Han fortalde kong Olav mellom anna historien om kong Augvald som hadde gjeve namn til Avaldsnes. Denne kong Augvald skal ha hatt ei ku han var svært glad i. Ho følgde han overalt, og då ho døydde blei ho lagt i ein gravhaug. I Odd Munk sin saga om Olav Tryggvason heiter det at Olav etter møtet med Odin gjorde haugbrot på Avaldsnes og plyndra gravene til Augvald og kua hans.

Både Olav Tryggvason og Olav den heilage er i lokal tradisjon knytta til kristninga av folk i Karmsund-området. Dåpen skal ha skjedd på ein haug i nærleiken av der Olavskyrkja seinare vart reist. Meir handfast er forteljinga om Olav den heilage sitt møte med "rygekongen" Erling Skjalgsson på Avaldsnes tidleg i 1020-åra. Bakgrunnen var at Asbjørn frå Trondenes, ein slektning av Erling, hadde drepe kongen sin årmann på Avaldsnes, Tore Sel. Situasjonen blei svært spent, men biskop Sigurd gjekk i mellom og fekk til ein avtale mellom Olav og Erling.

Olavskyrkja

Det gamle reisekongedømet frå vikingtid basert på kongsgardar og veitsletaking vart i tidleg mellomalder gradvis erstatta av at kongane sat i lenger periodar i dei framveksande byane. Bortsett frå nokre mindre kamphandlingar under borgarkrigane, er kjeldene tause om kongsgarden Avaldsnes etter Olav den heilage si tid og fram til midten av 1200-talet. Islendingen Sturla Tordsson skreiv i sagaen om Håkon Håkonsson at kongen på Avaldsnes let reisa ei kyrkje i stein, den fjerde største heradskyrkja i Noreg. Håkon døydde i 1263, og kyrkjebygginga starta truleg i 1250-åra og varte i om lag 30 år. Kyrkja på Avaldsnes var vigd til St. Olav. Ho hadde etter alt å døma relikvier knytta til helgenkongen og utgjorde eit lokalt pilegrimsmål.

Forutan å vera soknekyrkje, fungerte Olavskyrkja som kongeleg kapell. Frå 1308 var ho ei av kyrkjene i den kongelege kapellorganisasjonen. Denne organisasjonen var delvis fristilt frå pavekyrkja. På Avaldsnes fanst eit kollegium av prestar, kanskje 6-7 i alt, som i tillegg til ordinære geistlege tenester truleg gav opplæring til lokale unggutar og tok del i den kongelege administrasjonen av Sørvestlandet. Kongane var ofte innom, noko kongebrev utstedt her vitnar om. Dei donerte mykje jordegods til Olavskyrkja, og det store og rike kallet gav også solide tiendeinntekter. Alt dette la grunnlag for handel. Avaldsnesbussen er nemnt fleire gonger i tollrullane til den austengelske byen King's Lynn i byrjinga av 1300-talet. Skipet forliste til slutt ved Grindavik i Island i 1343.

I siste del av høgmellomalderen må det såleis ha vore eit yrande liv på Avaldsnes. Ei rekkje personar budde her (geistlege, tenarar, gardsstyrar, gardsarbeidarar etc.). Dessutan måtte kongen og følgjet hans ha husrom når dei dukka opp. Det same gjaldt tilreisande til rettsmøte. Lagtinget for Sørvestlandet hadde møta sine på Avaldsnes i første del av 1300-talet, og det lokale skipreidetinget kom også truleg saman her. Mange bygningar skulle til for å romma alle menneska, samt handelsvarer, husdyr og avling på den gode garden.

Hanseatane

Kong Håkon VI fekk i juli 1374 skrive det siste kjente kongebrevet på Avaldsnes. På denne tida var kongsgarden nyleg gjenoppbygd etter brann. Det var hanseatane som under krigshandlingar med den dansk-norske kongemakta i 1368, sette fyr på husa på Avaldsnes. Hanseatane kom til å prega området i seinmellomalderen, men då på meir fredeleg vis.

I 1584 laga ein ukjent tyskar i Bergen eit skrift kalla Den norske so. Her heiter det at den første staden hanseatane etablerte seg i Noreg, var i Nothaw (kanskje ei fortysking av "Nautøy"), men herfrå måtte dei evakuera til Bergen på grunn av sjørøvarar. Denne staden, oftast skrive Notow, er nemnt i ei rekkje hanseatiske og norske dokument mellom 1429 og 1532. Til dømes let ein kjøpmann i Lübeck i testamentet sitt frå 1429 føra opp to tønner tjøre til byggjeformål i Notow. Ei rekneskapsbok tilhøyrande bergenfararlauget i Lübeck viser at skip herfrå overvintra i Notow vinteren 1470/71. Storpolitiske drøftingar fann også stad. Den avsette erkebiskopen av Nidaros, Henrik Kalteisen, førte i november 1453 forhandlingar med kong Christian I i Notow.

Dei skriftlege kjeldene tyder på at Notow på 1400-talet var kontrollert av hanseatane i Bergen og Lübeck. Staden blei nytta som hamn og truleg til å driva handel. Hollandske sjøkart frå siste del av 1500-talet og 1600-talet har avmerkt Notow på Avaldsnes. På Bukkøy nedanfor Olavskyrkja finst stadnamna Nora Nottå og Søra Nottå. Ved marinarkeologiske undersøkingar i regi av Stavanger Sjøfartsmuseum er det på sjøbotnen ved Gloppeneset og Bukkøy funne keramikk av tysk og hollandsk opphav, lær/skinn, glas, teglstein, flint, dyrebein, trerestar og ballaststein. Det dreier seg dels om tjukke avfallslag, som etter alt å døma må sjåast i samanheng med hanseatane sine aktivitetar. På land er det så langt ikkje registrert sikre spor etter Notow, men det må tilføyast at Bukkøy er tilplanta med tett granskog, noko som gjer leiting etter hustufter og avfall svært vanskeleg.

Etterreformatorisk tid

Det var lenge på tale å riva Olavskyrkja, men restaureringar på 1800- og første del av 1900-talet berga kyrkja.
Foto: C. Christensen Thomhav

Folketapet og unionane i seinmellomalderen førte til at kongemakta sine bånd til Avaldsnes losna. Olavskyrkja blei ei vanleg soknekyrkje, og garden Avaldsnes fekk ein flytande overgang frå kongsgard til prestegard. Sterkt forfall prega Olavskyrkja i denne tida. Ved reformasjonen framstod kyrkja som ei ruinkyrkje. Rundt 1600 blei det halde gudstenester i koret. Taket i skipet hadde ramla ned, og mykje av det kraftige og høge tårnet var falle saman. I 1630 blei det inne i skipet reist eit tilbygg av tømmer til koret for å skaffa meir plass. Det var lenge på tale å riva Olavskyrkja, men restaureringar på 1800- og første del av 1900-talet berga kyrkja. Det siste store løftet skjedde i 1920-åra, då mellom anna tårnet blei gjenreist. Olavskyrkja er i dag framleis soknekyrkje i Avaldsnes.

Tunet på prestegarden låg like sør for Olavskyrkja. Prestegarden brann ned i 1698, men vart raskt gjenreist. Tunet fekk utover 1700-talet ein klarare kvadratisk plan med opning mot sør. Hovudbygningen låg ute på terrassekanten mot Karmsundet i aust, borgestove og stall stod i nord nær kyrkjegardsmuren og ein lang fjøs- og låvebygning avgrensa tunet mot vest. Fleire måleri frå 1700-talet viser ein imponerande hage i skråninga aust for hovudbygningen. I 1872 let soknepresten oppføra ein ny hovudbygning lenger mot sør, noko som førte til ei gradvis oppløysing av det gamle tunet. Av eldre bygningar finst i dag kun eit stabbur, som truleg skriv seg frå gjenreisinga etter brannen i 1698. Hovudbygningen frå 1872 blei riven i 2003 for å gje plass til Nordvegen Historiesenter. Presten bur såleis ikkje lenger på Avaldsnes. Garden har vore pakta bort gjennom det meste av 1800- og 1900-talet.

Ved sjøen nedanfor Olavskyrkja vaks det fram ein liten strandstad, Gloppe, frå midten av 1700-talet og utover. Her fanst mellom anna gjestgjevari, som også utgjorde møtestad for dei lokale tingsamlingane. Glanstida til Gloppe var frå 1830-åra og nokre tiår framover. I 1860-åra byrja tilbakegongen. Konkurransen frå andre framveksande sentra ved Karmsundet blei for sterk. Folk flytta bort og tok i stor grad med seg husa sine. I dag er det berre tufter å sjå på Gloppe.

Formidling

Avaldsnes-prosjektet i regi av Karmøy kommune og med Marit Synnøve Vea som leiar, har gjennom mange år arbeidd med forsking og formidling knytta til Avaldsnes-området si historie. Publikum som kjem til Avaldsnes, kan besøka Nordvegen Historiesenter og Olavskyrkja. Dei kan følgja stien ned til Gloppeneset gjennom det bevarte kulturlandskapet med fornminne og hustufter etter strandstaden Gloppe. Ei lita bru fører ut til Bukkøy. Inne i skogen på sørsida av øya er ein vikinggard med mellom anna eit rekonstruert langhus og naust. Staden er mykje brukt av skuleklassar og til ulike arrangement. Avaldsnes-prosjektet har også stått bak mange historiefaglege seminar og bokutgjevingar. Eit arkeologisk forprosjekt med tanke på å prøva å finna kongsgarden er under avslutning (2008).

Litteratur

  • Avaldsnes. Norges eldste kongesete. Red. Geir Sør-Reime. Dreyer, 1989
  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B.2: Middelalderen. Karmøy kommune, 2000
  • Fyllingsnes, Frode: Karmøys historie. B. 3: Fra reformasjonen til 1800. Karmøy kommune, 2004
  • Fyllingsnes, Frode: Avaldsnes som kongsgard og prestegard. I: Frá haug ok heiðni. Nr. 3. 2000
  • Fyllingsnes, Frode: Notow. Hanseatane si hamn på Avaldsnes. I: Heimen. Nr. 1. 2004
  • Hafsaas, Henriette og Olle H. Hemdorff: Arkeologiske undersøkelser på Avaldsnes 2005. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 2005
  • Hafsaas, Henriette: På sporet av Harald Hårfagres kongsgård? Arkeologiske forundersøkelser på Avaldsnes i 2006. I: Frá haug ok heiðni. Nr 2. 2007
  • Hernæs, Per: Karmøys historie. B. 1: Fra istid til 1050. Karmøy kommune, 1997
  • Kongskyrkje ved Nordvegen. Olavskyrkja på Avaldsnes 750 år. Red. Svein Ivar Langhelle og Birger Lindanger. Lokalhistorisk stiftelse, 1999
  • Maritim-arkeologiske forundesøkelser av middelalderhavna på Avaldsnes, Karmøy. Red. Endre Elvestad og Arnfrid Opedal. Stavanger Sjøfartsmuseum og Arkeologisk museum i Stavanger, 2001
  • Myhre, Lise Nordenborg: Historier fra en annen virkelighet. Fortellinger om bronsealderen ved Karmsundet. Arkeologisk museum i Stavanger, 1998
  • Opedal, Arnfrid: De glemte skipsgravene. Makt og myter på Avaldsnes. Arkeologisk museum i Stavanger, 1998
  • Opedal, Arnfrid: Kongens død i et førstatlig rike. Skipsgravritualer i Avaldsnes-området og aspekter ved konstituering av kongemakt og kongerike 700-950 e.Kr. Avhandling i arkeologi. Det humanistiske fakultet, Universitetet i Oslo, 2005
  • Opedal, Arnfrid, Endre Elvestad, Frode Fyllingsnes: Herskerens havn? Hanseatenes havn? Handelens havn? Innledende undersøkelser av middelalderhavna på Avaldsnes. I: Fiender og forbundsfeller. Regional kontakt gjennom historien. Karmøyseminaret 1999. Karmøy kommune, 2001
  • Særheim, Inge: Notau - innfallsport for hansaen i Noreg? I: Havn og handel i 1000 år. Karmøyseminaret 1997. Karmøy kommune, 2000