Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Bakken (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Bakken
Bakken.JPG
Bakken sett frå kyrkja med dei gamle sørvende åkrane
Alt. namn: Bache, Bachen
Fyrst nemnd: 1611
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 194

Bakken (Luster, gnr. 194) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Matrikkelgarden ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot Jostedal prestegard. I nord grensa Bakken opphavleg mot sameiget i Krundalen, og etter utskiftinga i 1950-åra er det Haugen som eig skogteigen som Bakken grensar mot i nord.

Matrikkelgarden Bakken femner om heile grenda Hesjevollen i dalbotnen på nordsida av Bakken.

Området i Sagarøy i dalbotnen på sørsida av Bakken, høyrer òg til matrikkelgarden. Her låg kommunehusa i Jostedalen frå kring 1885 til kommunesamanslåinga i 1963, lækjarkontor, bank, bibliotek og landhandel. Området var såleis kommunesentrum i Jostedalen.

Bakken fekk bilveg (frå Hesjevollen) til jol i 1975.

Innhold

Tidligare brukarar

Bruk

I høgda:

  • Bnr. 1 Bakken - det opphavlege bruket
  • Bnr. 6 Instegarden - fråskild bnr. 1 den 5.10.1933

Hesjevoll/Mosevoll-området:

  • Bnr. 2 Hesjevollen - fråskild bnr. 1 den 6.4.1829
  • Bnr. 3 Hesjevollen - fråskild bnr. 2 den 24.5.1876
  • Bnr. 5 Mosevollen - fråskild bnr. 4 den 27.7.1923
  • Bnr. 11 Svabu - fråskild bnr. 2 den 12.8.1955 (sjå Hesjevollen)

Sagarøy-området:

  • Bnr. 4 Sagarøy (Bukti) - fråskild bnr. 1 den 30.5.1913
  • Bnr. 7 Tingstad - fråskild bnr. 4 den 6.7.1942 - tomt for det nye kommunehuset bygt 1947/49

Det er vidare fråskild ei rekkje tomter.

Husmannsplassar

Det har funnest åtte husmannsplassar og heimar under Bakken. Hesjevoll-/Mosevoll-området:

  • Hesjevollen - rydda midt i 1730-åra, plass under bnr. 1, fråskild 1892 som bnr. 2
  • Mosevoll 1 (truleg) - rydda kring 1793, plass under bnr. 1, fråskild 1923 som bnr. 5
  • Mosevoll 2 - teken i bruk kring 1861, plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4 (Sagarøy (Bukti)), slegen saman med Mosevoll 1 ved fråskiljinga i 1923

Sagarøy-området:

  • Sagarøy 1 - rydda kring 1811, plass under bnr. 1
  • Sagarøy 2 - i bruk frå kring 1903 til 1922, plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4
  • Halvorbakken - i bruk frå kring 1908 til 1913, plass under bnr. 1
  • Bruvoll 1 - teken i bruk kring 1885. Frå 1907 var stova nytta som kommunehus. Det vart rive i 1952.
  • Bruvoll 2 (Rusti) - teken i bruk kring 1907, fråflytt 1958. Plass under bnr. 1, frå 1913 under bnr. 4. Huset vart øydelagt av flaumen i 1979 og rive kort tid etter.

Kjelder og litteratur

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy