Bandakslivegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bandakslivegen er namnet folk nytta på vegen frå Fyresdal til Bandaksli. Dette var i mange år hovudfartsåra ut og inn av Fyresdal. Vassvegen til Skien var ei viktig ferdselsåre både før og etter at kanalen vart opna.

Byferder frå Fyresdal

Kjøpmenn i Arendal hadde mykje handel med Fyresdal i gamal tid. Det var helst om vinteren at folk drog på byferd. Var føret godt så slo fleire seg saman, nytta mellom anna isen på Fyresvatn, og gjekk det godt kunne ein gjere Arendalsturen på åtte dagar.

Om sumaren la folk frå Fyresdal ofte turen frå Arendal om Skien og heim. Dette kalla dei kringfarreiser. Dei leigde då ofte ei jakt, helst dansk, til å frakte varene frå Arendal til Skien. Frå Skien køyrde dei varene over Geiteryggen og rodde Norsjø til Ulefoss. Frå Ulefoss køyrde dei varene framom Eie ved Baksås og rodde eller drog prammen opp elva til Strengen og så rodde dei til Bandaksli. Frå Bandaksli vart varene kløvja på hesteryggen heilt ned til Fyresdal. Frå Arendal vart det og kløvja varer på hesteryggen. Mange gjorde bare byreisa til Skien, fram og attende.

Vegbygging

Berge bru under bygging. (Foto: Vegkontoret, 1905)

Det var om lag 1845 at ein tok til å køyre varer frå Bandaksli og då ein fekk køyreveg fram til Fyresdal var det eit godt framsteg. Tidlegare var det ein enkel bygdeveg mellom Fyresdal og Vråliosen. Denne var gamal, bygd på og utbetra over lang tid. Vegen i Bandakslikleivane vart bygd i 1857 og vegen Bandaksli – Eikelands bru vart bygd som hovudveg i 1858–1861. Parsellen Eikelands bru – Skarkemyr vart ferdig i 1907. Skarkemyr ligg like sør for Leirfall bru i Hauggrend. Parsellen Skarkemyr – Fyresvatn vart bygd ferdig i åra 19251929.

Beretning frå 1595

Om parsellen Bandaksli – Eikeland fortel Oslo biskop Jens Nilssøn i 1595:

Then 16. julij om morgenen circiter 4. oram drog wi fra Lauerdal først til vands tuert offuer Bandakk i synder 1/2 fiering, och fulde bispen her Peder i Lauerdal och her Jens i Fyrisdall, så lagde wi i land ved it lendestedt heder Kløffuerrudstødet, der effter droge wi til hest op for en kleff kallis Kløfferudsbrecken først i sydoust oc i synder, oc siden i suduest 1/2 fjiering till den gaard Kløffuerud, igiennom gaarden. Siden atter i suduest 1 pilskud til en anden gaard heder Blekan igiennom gaarden, så therfra i sudsuduest oc i sønder en liden fjiering til en gaard heder Eggeland igiennom gaarden.

Skarkemyr er på grensa mellom Hauggrend og Veum, og om parsellen Eikeland - Skarkemyr fortel han vidare:

Saa therfra i sønder, offuer berg och myrer hen ved 1 mijll, saa atter offuer it berg 3 pilskud i suduest til en bro, heder Fontzøbro, der offuer i suduest. Under denne bro en aa megit strøm met faasser heder Fontseaa hun kommer aff it vand ligger strax hoss broen i suduest heder Faansøe, er 1/2 mijll langt strecker seg i suduest och norduest, er 1 fiering bredt, der aff rinder denne aa aff den nordre ende, i nordoust 1 fiering, strax østen for almanne weyen som vi fore, vdj it vand, heder Roevand der tager Huidesiø ved.

Bandakslihekti

Utdjupande artikkel: Bandakslihekti

Ridevegen opp lia frå Bandaksli var bratt og tung å ferdast på med kløv. Om vegen etter kvart vart utbetra så var det sers slitsamt for hesten å dra tung kjerre opp lange bakkar, ofte måtte ein dele lasset på to turar. Vegen kunne gjerast lettare med å ta lange svingar, men det var heller ikkje alle stader det let seg gjere. Ein kunne utlikne stiginga litt ved å leggje vegen i ein spiral, då med bru over køyrebanen under. Det var oftast militære som planla vegane. I Bandakslikleivane planla premierløytnant Berg ei slik løysing alt i 1852 og det som vart til Bandakslihekti vart opna for trafikk om lag 1860. Det vart ei stor lette for transporten av varer.

Mot unionsoppløysinga 1905

Parsellen Eikeland – Skarkemyr var ikkje utbetra då det nærma seg unionsoppløysinga i 1905. Vegen Bandakslid – Fyresdal vart nok utbetra litt etter litt, men med tanke på tilhøvet til Sverige framover mot 1905 kom ein kaptein Stub, som delvis budde på kapteinsgarden Menstad i Fyresdal 1880-1890, med dette hjartesukket:

Den næsten umulige og sers ringe og kronglete veiforbindelse mot havet, er en alvårlig hindring for dalens unge mænd til at ta del i frigjøringa fra svenskeåget. Det er bent fram bortkastet at drive soldatøvelser her i dalen, - da alle kroke, pass og bakker, hindrer kompaniet i en hurtig og samlet fremrykking mot det eventuelle slagfeltet. Vi når aldrig frem...

Vegbygging 1900-

Men viljen til å utbetre vegen var der og like etter år 1900 vart det gjort ei grundig utbetring av denne vegen ved å legge den lenger ned i dalbotnen, den gjekk tidlegare oppom gardane i dalsida, og ved å bygge fleire nye steinkvelvbruer. Det var eit storstila arbeid som strekte seg over fleire år og i mange år etter at Bandakslidvegen vart bygd var det to hendingar mannfolka tala om: Det var «då veglina gjekk», det vil seia då vegen vart bygd, og det var då dei «var på moen», altså i militærteneste. Det er klart at vegarbeidet førde med seg mykje liv og rørsle i ei stille grend.

Mykje av den eldste vegen er enno synleg over kortare eller lengre strekningar og delvis i bruk av ulik slag. Riksvegen vart utbetra enno ein gong med nye bruer i 1970-åra.

Langs RV 355 frå Skarkemyr til Krossli og vidare til Bandaksli er det mange interessante objekt. På ei kulturminnevandring med veghistorie som utgangspunkt kan ein då starte ved Skarkemyr:


Skarkemyr

Utdjupande artikkel: Skarkerud

Skarkemyr ligg ved riksvegen gjennom Fyresdal ved grensa mellom Hauggrend og Veum. Når ein skulle beskrive eit eller anna ved utbetring av vegen til dømes så var det naturleg å dele vegen inn i parsellar. Tidlegare hadde ein tilsvarande roder som inndeling. Parsellar som Skarkemyr - Folseth bru, Skarkemyr - Eikeland bru og Skarkemyr - Moland ser ein ofte i diverse utgreiingar. I 2011 er det vanskeleg å påvise tuftene etter husmannsplassen Skarkerud som var her før 1900.

Leirfall bru

Leirfall bru. (Foto: Olav Momrak-Haugan, juli 2009)

Den er bygd 1906. Før det vart ei utbetring av vegen i 1970-åra med bygging av ei ny bru, vart det køyrd med tunge lastebilar, og brua fekk ein svai. Brukara har berre feste i grusbakke og gav seg litt. Brua og området rundt er restaurera og brua er bestemt verna frå 1973.


Milestein

Avstandsmerke. Bandakslivegen. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2009)

Denne er mellom Leirfall bru og Rindebakken. På Bandakslivegen var det nok berre ein ting som var vesentleg, - kor langt det var til Bandaksli.

Rindebakken

Utdjupande artikkel: Rindebakken (Fyresdal)

Rindebakken sidebygning. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2002)

På Rindebakken gard vart det i 1901 etablera ein skysstasjon, Rindebakken skysstasjon. Det var mellom anna gjesterom i andre høgda på sidebygningen.

Berge bru

Berge bru. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2009)

Denne er bygd i 1905/1906. Restaurera og verna frå 1973. Ny bru vart bygd ved omlegging av vegen i 1970 åra.


Brønnebal ved Sagåa

Utdjupande artikkel: Brønnebalet i Hauggrend

Ei vasskupe som hestane kunne drikke av stod ved Sagåa like nord for Hauggrend fram til 1980åra, men vart då flytta til Øyskogen grunna vegutviding.

Grensemerke

Grensemerke. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2009)

Det skulle ikkje vere tvil om at ein kryssa grensa mellom herada.

Skreosbrua eller Fonsøe Bro

Denne var over elva som enno heiter Foldsæ elv og er like etter utløpet frå Skred(e)vatn. Dette vatnet heitte tidlegare Foldsæ som tyder det breie/vide vatnet, vatnet som faldar seg ut. Det er over ei bru på denne staden at biskop Jens Nilssøn for i 1595:

Under denne bro en aa megit strøm met faasser heder Fontseaa.

Brukara er framleis synlege. Her låg Skreosen sag og høvleri. Elva er grense mellom Tokke og Kviteseid.

Aslak Momrak Haugan (1892-1985), som køyrde lass på den gamle vegen, skriv:

Inntil den nye vegen over Foldsæ bru kom i 1902 så gjekk den gamle vegen om ei skrøpeleg trebru over fossen ved Mylla. Upp bakken der var so bratt at dei fleste bruka å køyre upp lasset i to vendingar. Der var både kornmylle og sagbruk i stadig drift.

Folset bro

Folset bru. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2009)

Vegen vart lagd i eit lågare lende og ny bru vart bygd i 1902, ei steinkvelvbru med langt spenn. Truleg ikkje lett å bygge bru over her i tidlegare tider. Brua var smal, etter ein del drøftingar vart stabbesteinane fjerna og det vart lagt nytt dekke som er breiare enn sjølve brua og den fungerer då i 2011 godt til all slag tungtransport. Elva er her og grense mellom Kviteseid og Tokke.

Krossli

Utdjupande artikkel: Krossli

Vegmerke Krossli. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Bandakslivegen vert her kryssa av vegen mellom Dalen og Vrådal. Støtta kom opp i 1904. Krossli og vegen vidare ligg i Tokke kommune.

Bandakslihekti

Utdjupande artikkel: Bandakslihekti

Bandakslihekti. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Dette er solid ingeniørkunst som gjorde det lettare å kome opp dei sers bratte Bandakslikleivane. Planlagd i 1852 og opna for trafikk i 1860 åra.

Bandaksli

Utdjupande artikkel: Bandaksli

Bandaksli. (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

Her var då kontakten med rutebåtane på Bandak - Kanalen og verda opna seg for mellom anna folk frå Fyresdal. Til Skien kunne ein no kome på dagen med same båten og så lenge rutebåtane var i drift gjekk Bandakslibussen fram og attende Bandaksli - Fyresdal.


Fotografi frå Bandakslivegen

Kjelder og litteratur