Bautasteinen ved Fresvik kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minnesteinen attmed Fresvik kyrkje ragar rundt sju meter i veret.
Foto: Hermund Kleppa

Den høge bautasteinen ved Fresvik kyrkje, Vik kommune, vart reist 17. mai 1913. Bautasteinen vart reist til minne om dei 10 frå Fresvik som var med i krigen mot svenskane 1807-1814.

Innskrift på framsida

På steinen er det hogge inn 10 namn. Berre førebokstaven i førenamna er med. Nedanfor har me sett inn førenamna der me kjenner dei. Tekst og namn etter Jakob Bøthun i Soga um Fresvikgodset.

Minne um dei fresvikingar som var med i krigen 1807-1814.

J. Bjørnetun H. K. Hov Halvard Hov Anders H. Flethe Tomas Hatlelid Botolf Grundeland Anders Otterhjell Ola Bøthun I. Bøthun A. A. Hov

Innskrift på baksida

Fresvikingar i Amerika og heime sette steinen. Kjem Noreg i naud, me fylkar oss tett, me ringar med vakt ditt hov.

Gåver frå Amerika

Det kom inn pengar til minnesteinen på to måtar, - ved utlagde innsamlingslister i bygda og ved gåver frå utflytte fresvikjer i Amerika. Sogns Tidend hadde 9. januar 1913 melding om gåver på 10 dollar kvar (ialt 185 kroner) på kvar av desse: Ole H. Høium, Herm. H. Høium, Olav J. Bøthun, Aa. R. Haugland og B.L. Tretteteig. I april vart det kvittert for same beløp frå Anders S. Bøthun.

Hans P. Bøthun og B.H. Schou ser ut til å ha vore leiarar for bautastein-prosjektet. I mars 1913 ba Bøthun om at folk som hadde teikna seg på innsamlingslistene om å betal. Tanken var å få reist steinen til 17. mai eller 7. juni.

Stein frå Offerdal

Den 3. april 1913 melde signaturen "H." i Sogns Tidende at steinen låg på bryggja i Fresvik. Han var komen frå granittbrotet til Kristian og Lars Offerdal i [Ytre] Offerdal. Det var ein "diger rugg, 26 fot høg" (om lag 8,2 m). DS "Vangsnes" hadde frakta steinen frå Offerdal til Fresvik.

Kjelde

Teksten om Bautasteinen ved Fresvik kyrkje er ein del av Fresvik kulturløype - Vetlerunden i bygdi


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Bautasteinen ved Fresvik kyrkje er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.