Berge gamle kyrkjestad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Berge gamle kyrkjestad.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

Det har vore ein del drøftingar om Berge gamle kyrkjestad i Birtedalen, Fyresdal kommune. Det kan difor vere fornuftig å ta med ein god del frå kjeldene, sjølv om dette kan vere tungt stoff.

Kjelder til Berge Gamle Kyrkjestad

I Forsøg til Beskrivelse over Øvre-Tellemarken i Norge af Johann Michael Lund, København 1785 kan vi lese at:

Bertedalen: Man kan endnu tydelig see, at denne Bøigd i de ældste og forrige

Tider har været mere bebygget end den nu er, hvilket blant andre Kiendemerker erfares av dette, at der paa et Sted, Berte kaldet, som nu kun er en øde Gaard eller Plads under Gaarden Tofslie, sees mange Huse-Tomter og Kiendetegn til adskillige Agre: Indbyggerne vide og, efter et gammel Sagn, at fortælle, at bemældte Ødegaard eller Plads har været en stor Gaard og havt mæktige Beboere, samt at Bøigden har faaet Navn af Berthedalen deraf.

Paa Gaarden Berthe kan man endnu grandgivelig se Tomten efter en Kirke, og Rudera af den Muur, som har været om Kirken og Begravelses-Stedet, samt Stene som have været ved Kirke-Porten, hvilke befindes 3 Alen høie over Jorden, 1 ¾ Alen brede, og ½ Alen tykke. Paa en Hede mellem næstmældte Gaard Berge og Gaarden Brevig ved Nase-Fieldet sees ellers 4 Begravelses-Høie, af de saa kaldede Kæmpe-Høie, ved vis Hiørner er opreist ---

(Dette er ei avskrift direkte frå originalen, gjort av meg sjølv. Utheving gjort av meg.)

Om ”Kyrkja på Berge i Birtedalen” skriv Bendik Taraldlien i ”Fyresdal”, andre utgåva, 1949: ”På Berge i Birtedalen hev vori kyrkje i gamle dagar, fortel folk. Dei gamle kan minnast gravine på kyrkjegarden og ein høg stein stend enno. Det skal vere steinen ved kyrkjegardsporten eller ein gamal gapestokk.” (Det er dette Lund skildrar så tydeleg.)

Der er eit bilete i boka av steinen på Berge med to personar attmed: Grunde Berge (1834-1925) var 83 år då biletet vart teke, og Aanund Vinsnes, Berge (1842-1928) var 75 år gamal. Det er då teke i 1917. Fotograf: Bendik Taraldlien.

Runesteinen på Berge.
Foto: Bendik Taraldlien (1917).

Bendik Taraldlien fortel vidare: ”Segni fortel at tovdølane kom til kyrkje på Berge. Dei rodde upp Nesvatn og hadde pråmane sine ut i enden av vatnet på ein sand, som den dag i dag kallast ”Tovdalssanden”.”

Tovdalssanden i det fjerne.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

J. L. Quisling skriv: ”Man vet at fortelle, at Topdal sognet til Berge Kirke, og kan paavise ”Topdalssanden ” eller det sted, hvor Topdølerne la i land ved Bergsvandet nedenfor Berge, når de kom til kirke.”

(Tovdalssanden er i ytre ende av Nesvatn slik B. Taraldlien skriv, J. L. Qvisling må ha misforstade. På biletet der fotografen står ved kyrkjegarden anar vi Tovdalssanden i det fjerne.)

I ”Norske gaardnavne” af O. Rygh, syvende bind, Bratsberg Amt, bearbeidet af A. Kjær, Kristiania 1914 kan vi på s.400 under ”Nedlagte kirker” lese:

Efter Kraft III S. 187 vises der Tomter af en Kirke og andre Bygningar paa Pladsen Birte under Tovsli (se ovfr.) i Fjeldbygden i Vest for Fyresvandet. Efter Lund, Forsøg til Beskrivelse over Øvre-Tellemarken. S. 223, som aabenbart er Krafts Kilde (Lund taler ogsa om store Husetomter paa Birte), kunde man endnu ”grandgivelig see Tomten efter en Kirke, og Rudera af den Muur, som har været om Kirken og Begravelses-Stedet, samt stene som have været ved Kirke-Porten, hvilke befindes 3 Alen høie” [J. L. Qvisling meddeler (Fyresdals historie. 2. udg. I S. 18 f), at der paa Birte endnu sees Spor til Huustomter og gamle Agre; men han mener, at Lund med Hensyn til den omtalte Kirke har forvekslet Birte med Gaarden Berge (GN.19) i Nedre Birtedalen. Paa det siste Sted, siger han, ser man endnu tydelig enkelte Gravhauger paa den fordums Kirkegaard, ---”dog findes der ellers ingen efterretninger om en saadan kirke eller kirkegaard, ikke heller er der, saavidt vites, nogen nærmere erindring eller noget speciellere sagn derom blandt almuen, undtagen at man vet at fortælle, at Topdal sognet til Berge kirke, og kan paavise ”Topdalssanden” eller det sted, hvor Topdølerne la i land ved Bergsvandet nedenfor Berge, naar de kom til kirke”]

(Her har Kraft sitera Lund feil. Det står ikkje om tomter etter ei kyrkje på ”Pladsen Birte” men på ”gaarden Berthe”)

J. L. Quisling sjølv skriv:

”---Birtedalen, kaldet saa efter den nuværende sæter eller ødegaard Birte, der har git dalen dens navn. Om denne fortæller prokurator Lund riktig, at der endnu sees spor av hustomter og gamle akrer. Derimot har han vistnok blandet sammen sæteren Birte og gaarden Berge ved Bergs- eller Nesvand, naar han videre fortæller, at man ”paa gaarden Berte kan endnu grandgivelig se tomten efter en kirke og rudera (levninger) av den mur som har været om kirken og begravelsesstedet, samt stener, som har været ved kirkeporten, hvilke befindes 3 alen høie over jorden, 1 ¾ alen brede og ½ alen tykke”. Hertil kan føies, at man endnu tydelig ser enkelte gravhauger paa den fordums kirkegaard paa Berge, dog findes der ellers ingen efterretninger om en saadan kirke eller kirkegaard, ---.”

(s. 20 og 21. utgåve 2001)

(Quisling skil og tydeleg mellom ”sæteren/ødegaarden Birte” og ”gaarden Berthe” som han meiner er Berge.)

Munnleg overlevering

Runestein ved Berge gamle kyrkjestad.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2010).

Eg har tala med fleire eldre og yngre godt orientera og historieinteresserte folk frå Birtedalen som alle seier at Tovdalssanden er ute i enden av vatnet der Tovdølingane hadde båtane sine. Dette er ein sand ikkje langt unna dammen, no neddemt. Der låg då båtane klar slik at dei kunne ro opp til kyrkja på Berge. Slik Bendik Taraldlien skriv. Altså ikkje ved Berge som Quisling kjem i skade for å sei, kanskje litt upresist. (Kjelder: Signe og Leif Sølyst, Gunnar Tovsli og Anund Libjå mellom anna.)

I 1966 vart Nesvatn regulera og dei gamle tuftene på Berge kom under vatn. Dei er synlege når vatnet er nedtappa, slik var det i 2010 som bileta syner. Den store steinen vart flytta lenger opp i bakken i høve til vatnet. Signe Sølyst fortel at bestefaren hennar på Tovsli grov mykje på Birte for å sjå etter tufter til ei mogleg kyrkje eller kyrkjegard, men fann berre steinsamlingar i samsvar med gardsdrift.

Den gamle hovudvegen gjekk frå Berge over med ”Kjæmpune” og ned til Breivik ved Fyresvatn. Berge låg difor strategisk til, også for folk frå Tovdal som skulle vidare til Fyresdal. (Gjøvdølingane kom over heia og ned til Gjevesto/Gjevdesto ved Fyresvatn for så å ro opp Fyresvatn til Moland kyrkje vert det fortald.)

To generasjonar av lokalkjend og interessera grunneigar fortel i 2017 at det var ei hytte i dette området som ville kome under vatn ved oppdemminga av Nesvatn og difor vart rive og flytta lenger opp i området. Den eldre fortel og at der var ein mur som vart nemnd som Kyrkjegardsmuren, som gjekk oppover i terrenget. Denne vart rive og steinane nytta til forstøtningsmur for ei av hyttene slik at den ikkje skulle rase ut etter oppdemminga. Ho hugsar og eit par steinar som det vart sagt var inngangen til kyrkja, desse vart og nytta til forstøtning av ei av hyttene som ligg her i strandkanten.

Samanfatting

Steinar, ”gapestokk” og haugar er på Berge i dag. Alt som er skrive om mogleg kyrkjegard syner til Berge. Ingen ting med omsyn til mogleg kyrkje peikar på Birte anna enn Lund sin notat dersom ein då ikkje ser heilskapen i avsnittet. Lund nemner fyrst plassen Berte og går så vidare til garden Berthe der det ”grandgivelig” skal vere ---. I neste setning skriv han så:-- mellem næstmældte Gaard Berge og ----.”. Det er tydeleg her at han fortel om plassen Berte, så går han vidare til ein gard, kallar den i farten og Berthe (med h !), men meinte tydelegvis Berge for han skriv så i neste omgang ”næstmældte Gaard Berge” utan i det heile å ha skrive eller nemnd namnet Berge tidlegare. Her er etter mi meining beviset for at det historikarar sidan har meint, er rett, nemleg at Lund har, ikkje eingong forveksla Berte og Berge men berre i ”farten” skrive feil namn, eller ein annan har skrive feil i ei avskrift. Å sei at Lund forvekslar desse er urettferdig når ein les teksten grundig og i samanheng. Han er like presis og etterretteleg som han plar vere, men her er det blitt ein ”slurvefeil” av ein eller annan grunn. Og dette har ført til fleire. Det må vere innelysande at omtala kyrkjestad er på Berge.

Kjelder og litteratur

  • Lund, Johann Michael (Prokurator): Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Joh. Rud Thiele (?) Kiøbenhavn.1785
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals Historie. 1912. Rasmussen & Aarhus’ boktrykkeri. Skien 1912, ny utgåve 2001.
  • Rygh, O.: Norske gaardnavne, syvende bind, Bratsberg Amt, bearbeidet af A. Kjær, W. C. Fabritius & Sønner A/S Kristiania 1914
  • Taraldlien, Bendik: Fyresdal, andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo

Eksterne lenker