Bergheim (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bergheim sett frå hovudvegen.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Bergheim er eit nedlagt ungdomshus i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Det ligg på Knippeneset like ved Myklemyr skule og var ungdomshus for Myklemyr ungdomslag. Huset stod ferdig i 1927 som det tredje av ungdomshusa i Jostedalen. Lars J. Myklemyr stod føre opparbeidinga av tomta og støypinga av kjellaretasjen medan Johan J. Elvøy hadde ansvaret for byggjearbeidet, som vart gjort på dugnad. Grunneigaren stilte med fri tomt mot at huset kunne nyttast kostnadsfritt for alle lag og organisasjonar, og det vart svært mykje brukt både til verdslege og religiøse aktivitetar. Ungdomslaget var i drift fram til 1970-åra, og huset står no til nedfalls.

Dei to andre ungdomshusa i Jostedalen er Dølaheimen og Framheim.

Litteratur

  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune, s. 351-352.