Bjørk (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Bjørk
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Kommune: Luster
Fylke: Sogn og Fjordane
Gnr.: 195

Bjørk (Luster, gnr. 195) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla som den sørlegaste i Krekagrendi. Han grensar i sør mot Bruheim og i nord mot Vamberg.

Bjørk låg sentralt i den nedlagde Kreken skulekrins, og her vart det fyrste skulehuset i krinsen bygt i 1885. Her vart òg ungdomshuset Dølaheimen sett opp i 1920-åra. Seinare er Jostedal skule (1968), Jostedal barnehage (1990) og Jostedal samfunnshus (1986) med symjehall, fotballbane og lysløype bygd på Bjørk.

Bruk

Vamberg var opphavleg ein del av Bjørk og vart truleg ikkje rydda før kring 1622. Dei to gardane vart rekna som same matrikkelgard fram til matrikkelrevisjonen i 1838 då Vamberg fekk eige gardsnummer.

Bruk under matrikkelgarden Bjørk:

  • Bnr. 1 Bjørk - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Bjørk (Nedste Bjørk) - fråskild ved at bnr. 1 vart delt i to jamstore delar med delingsforretning 26.5.1840
  • Bnr. 3 Nystølen - tidlegare husmannsplass, fråskild bnr. 1 ved delingsforretning 6.6.1825
  • Bnr. 4 Grimo - fråskild bnr. 1 Bjørk ved delingsforretning 6.10.1900

Husmannsplassar

Det har i alt vore fem husmannsplassar under Bjørk, og berre ein har vorte fråskild som gardsbruk:

  • Rabben - rydda kring 1832, plass under bnr. 1, nedlagd kring 1864
  • Uri (Kloi) - rydda kring 1849, plass under bnr. 2, nedlagd kring 1868
  • Nystølen - rydda i 1750-åra, plass under bnr. 1, fråskild 1825 som bnr. 3
  • Svahaugen - rydda kring 1836, plass under bnr. 3 Nystølen, nedlagd i 1850-åra
  • Endreerikplassen - rydda kring 1877, plass under bnr. 3 Nystølen, nedlagd kring 1887

Kjelder og litteratur