Lokalhistoriewiki er nå oppe igjen etter en feil hos vår nettverksleverandør. Vi beklager ulemper nedetiden har medført.

Bjørkedalen (Volda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Nøre Bjørkedalen
Foto: Arnfinn Kjelland

Bjørkedalen er eit bygdelag lengst sør i Volda kommune på grensa mot Nordfjordeid og Sogn og Fjordane. Bygda er dominert av Bjørkedalsvatnet, og består av matrikkelgardane Søre Bjørkedalen, Eidseflot, Løset, Helset og Nøre Bjørkedalen.

Innhold

Vegsambanda

Hovudvegen over til Nordfjordeid, Europaveg 39 fram til Kvivsvegen opnar og tek over som stamveg, kjem nordfrå Kile og går gjennom bygda. Når ein kjem nordfrå passerer ein gardane til og med Løset i same rekkjefølgje som nemnt over. Vegen held i dag fram sørover over Stigedalen til Nordfjordeid, men gjekk fram til først på 1900-talet opp frå Søre Bjørkedalen over Bjørkedalseidet og Brekka til Haugen i Nordfjord. I dag er det sommarveg. På Søre Bjørkedalen var det skysstasjon.
Søre Bjørkedalen
Foto: Arnfinn Kjelland

Historisk er Bjørkedalen mest kjent for tidleg og omfattande båtbyggjarverksemd og skriftkultur. Næringsgrunnlaget har elles vore landbruk og annan småindustri.

Skriftkulturen

Jostein Fet meiner Bjørkedalen på slutten av 1700-talet var eit hovudsenter for historieinteressa på Sunnmøre. Her utvikla det seg ein særskilt skriftkultur med det Fet kallar «bondeforfattarar» som utvikla eigne sjølvstendige sjangrar: familieinnskrifter (fødslar, giftarmål, dødsfall), ættelister, ættekrøniker og annalar eller årsoversyn. Slike finn Fet i mange bygder, men «likevel har desse sjangrane fått eit omfang i Bjørkedalsmiljøet som vi ikkje kjenner frå andre stader».[1]

Fet er usikker på forklaringa, men peiker på at bjørkedalingane i alle fall har teke vare på skriftstykka sine op igjennom tidene. Som generelle føresetnader knyter han skriftkulturen til den sentrale plassen området hadde og har ved ei viktig kommunikasjonsline mellom Bergen og Trondheim, båtbyggjartradisjonen og flaumsagene og trelasthandelen. På skysstasjonane stogga dei reisande, og nyhende kunne spreiast ut derfrå. Båtproduksjon i større omfang, sagbruksdrift og trelasthandel kravde òg skrivekunne.

Båtbyggjargrenda

Båtbyggjinga i Bjørkedalen er gamal, men kor gamal er det vanskeleg å seie noko sikkert om. Fet nemner ho kan sporast attende til tidleg på 1500-talet, ved at nemninga «sunnmørsbåt» i to diplom frå 1536 sannsynlegvis gjeld ein bjørkedalsbåt.[2]

Bygda ligg relativt langt frå sjøen – ca 8 km – og terrenget er til dels ulendt, sølv om det òg er to små vatn som kunne brukast på transportetappen. Men bygda har naturgjevne føresetnader: skogen veks på ein jordbotn rik på olivin, og det gir god ettervokster også av båtvyrke.

I den såkalla Jakobsboka, eit av dei kjende skriftstykka frå bygda, er det på slutten av 1700-talet nemnt at det var flinke båtbyggjarar i Bjørkedalen alt sist på 1500-talet. Hans Strøm skreiv i Søndmørs Beskrivelse (1766) at bjørkedalingane la «megen Vind» i båtbyggjararbeidet.

At tradisjonen var gamal vart òg stadfest i 1809, da ein embetsmann frå Island kom til Noreg på jakt etter høvelege båtmodellar for bruk i fiskeria der. Han vart vist til Bjørkedalen, der Jakob Pedersson f. 1770 frå Jakobsgarden på Søre Bjørkedalen bygde ein modell av ein fjørefar på 1,75 alen med byggebeskriving. Tre år seinare bygde dei fire brukarane på Søre Bjørkedalen kaperen «Lykkens Prøve».[3].

På slutten av 1800-talet skjedde det viktige endringar i båtbyggjnga, det vart behov for rimelegare båtar, og frå 1890-åra kom båtar med dekk. Framover til slutten på første verdskrigen var det gode tider i båtbyggjarnæringa, men 1920-åra var skrale. Mot slutten av 30-åra tok ho seg noko opp att, og seinare har Bjørkedalen blitt nasjonalt og internasjonalt kjend som byggestad for kopiar av store historiske båtar, som Saga Siglar, Osebergkopien Dronningen og Gokstadskipet Gaia. Den første av dette slaget var Kvalsundbåten. levert ved hjelp av Storebåtsvogna i 1973.

Bilde

Litteratur og kjelder

Referansar

  1. Fet 2003 s. 73
  2. Fet 2003 s. 74f.
  3. Helset 1977 s. 11, Nerbøvik 2004 s. 201.

Koordinater: 62.00112° N 6.05700° Ø

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy