Bygdebok

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Heimar og folk i Bykle band I.

Bygdebok er ei fellesnemning for historiebøker som er skrivne om og for bestemte lokalsamfunn, ei bygd, ein kommune eller delar av ein kommune. Nemninga blir i dag mest brukt om dei to sjangrane gards- og slektshistorie og generell bygde-, by- og regionshistorie.

I visse samanhengar inkluderer omgrepet i tillegg også byhistorie og jamvel distrikts-/regionshistorie. Omgrepet «bybok» vart tidleg forsøkt innført som ein parallell til bygdeboka. I Lorens Bergs Arbeidsveiledning i lokalhistoriske undersøkelser frå 1914 er det eigne avsnitt som omhandlar «bybøker». Og første band av Tønsbergs historie var t.d. utgjeve av «Tønsberg bybokkomité» (1928). Trass dette synest «bybok» ikkje å ha slått gjennom som eiga sjangernemning, men ein ser stundom omgrepet innbaka i samlenemninga «by- og bygdebøker».

Tradisjonelt har «bygdebok» tydd bokverk, gjerne i mange band, som i tillegg til gards-, slekts- og allmennhistorisk stoff også inneheld utgreiingar om til dømes geologien i området, flora og fauna, målføre, stadnamn, folkeminne og andre emne knytte til bygda. Ambisjonen har vore å samle heimstadlæra i mest mogleg uttømande og helst litt monumental form.

Skedsmo - En historie om samhold og splittelse.

Denne typen historieskriving vart for alvor etablert frå byrjinga av 1900-talet, i eit nært samarbeid mellom faghistorikarar som Oscar Albert Johnsen, Yngvar Nielsen og Edvard Bull d.e. på den eine sida, og dyktige amatørar som Lorens Berg, Ivar Kleiven og Jacob Aaland på den andre. I 1906 vart det på initiativ av Den norske historiske forening utarbeidd ein storstila plan for bygdebokarbeid, som la mønster for ei systematisk utarbeiding av både gards- og slektshistorie, by-, bygde- og regionshistorie.

I dei følgjande åra vart det arrangert ei rekkje kurs, og rettleiingslitteratur vart utgjeve. Viktige døme er Lorens Bergs Arbeidsveiledning i lokalhistoriske undersøkelser (1914) og Edv. Bull d.e. sitt foredrag «Bygdehistoriens oppgaver». Det siste vart framført på bygdehistoriske kurs i Bergen 1918, Hamar og Kristiansand 1919, og seinare trykt fleire stader.

Frå 1922 fekk lokalhistoria eit fagleg forum i tidsskriftet Heimen, som vart utgjeve av Landslaget for bygde- og byhistorie, skipa to år tidlegare. Ei av hovudoppgåvene for både organisasjonen og tidsskriftet var nettopp å fremje arbeidet med gode bygdebøker. Organisasjonen endra i 1982 namn til Landslaget for lokalhistorie.

På Landslagets initiativ oppretta Stortinget i 1955 Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), eit statleg organ som på permanent basis kunne halde fram det faglege rettleiingsarbeidet innan den bygde-, by- og regionshistoriske verksemda.