Bygdebok for Lesja
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bygdebok for Lesja er utgjeve av Lesja kommune i 4 bind, med lenke til bind 1–3 i fulltekst på Nettbiblioteket. Detaljert innhaldsliste står sist i kvart bind:
- Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (1987). Digital versjon på Nettbiblioteket – her kan du gje tilleggsopplysningar
- Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn (1992). Digital versjon på Nettbiblioteket – her kan du gje tilleggsopplysningar
- Gards og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn (1996). Digital versjon på Nettbiblioteket – her kan du gje tilleggsopplysningar
- Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850–1950 (2008).
Binda 1–3 er skrive av Arnfinn Kjelland, bind 4 av Arnfinn Kjelland i samarbeid med Tor Einbu.
Bind 4 byggjer i stor grad på eit omfattande, eige fotoinnsamlingsprosjekt som vart gjennomført parallelt med skrivinga av bind 1–3. Lesja kommune gav eigne løyvingar til dette, som resulterte i at meir enn 3000 bilde vart lånt inn frå heimane i kommunen og avfotograferte. Informasjonen om bilda vart òg nedskrive og delvis dataregistrert. I 2001 vart så negativa skanna og publisert på internett frå heimesida til Lesja kommune.