Christopher Christopherson Leirdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Christopher Christopherson Leirdal (Christopher Bakken) (fødd kring 1710 i Hafslo, gravlagd 3. oktober 1790 i Luster) var gardbrukar i Jostedalen og Leirdalen (Luster) i Sogn og Fjordane.

Christopher kom frå Nedre Kvam i Hafslo. Han vart gardbrukar i Bakken i Jostedalen hausten 1733 då han gifte seg Britha Larsdotter (ca 1705-ca 1785), enkja etter den føregåande brukaren Knut Guttormson Bakken. Ho var òg opphavleg frå Leirdalen (bnr. 1), men farfar hennar var Lars Andersson Bakken som før hadde vore gardbrukar i Bakken.

Christopher og Britha vart buande i Bakken til han fekk skøyte på Leirdalen (bnr. 4) 2. november 1750.

Han var truleg lagrettemann, for namnet hans går att i fleire rettsdokument frå tida i Jostedalen. Mellom anna var han vitne på eit tingsvitne i 1735[1] og ein av seks lokale synsmenn under avtaksforretningane i Jostedalen i august 1742.[2]

Christopher var òg ein av dei fire jostedølene som møtte på skulemøtet i Solvorn 17. oktober 1741 der skulefundasen for Jostedal prestegjeld vart oppsett og allmugeskulen i Jostedalen vart grunnlagd. [3]

Christopher og Britha fekk seks born, og tre av dei voks opp:

  • Knut Christopherson (1735-1806), garbrukar på Nordre Nes i Hafslo
  • Christopher Christopherson (1741-1818), som tok over heimebruket i Leirdalen
  • Britha Christophersdotter (1745-1819), gardbukarkone i Vigdalen

Notar

  1. Tingsvitne om skade i Mjølver (1735) (Jostedal historielag)
  2. Avtaksforretningane i Jostedalen 1742 (Jostedal historielag)
  3. Skulefundasen 1741, Jostedal historielag

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 942.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 375. (Digital utgåve, NBdigital)