Christopher Morgenstierne

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk

Christopher Morgenstierne (Giertsen) (fødd i Bergen 3. januar 1619, død 12. november 1679 i Luster) var fut i Indre Sogn.

Han vart fut i Indre Sogn i 1648 og flytte på den tida til den gamle futegarden Rutlin i Sogndal. Den 2. april 1653 kjøpte han så ein del av garden Flahamar i Luster og vart då den fyrste sjølveigaren på garden. På same tida gifte han seg med Bertha (Berette) Andersdotter, opphavleg frå Fur i Luster og dotter av den rike futen Anders Lauritssen.

Ho døydde alt kring 1655, og kring 1657 gifte Morgenstierne seg opp att med Birgitte Munthe, dotter av biskop Ludvig Munthe.

Morgenstierne fekk hand om mykje gods i Sogn, mellom anna mykje av godset etter Apostelkykrkja.

Han fekk ein son med Bertha Andersdotter:

  • Peder Hjermann

Christopher Morgenstierne og Birgitte Munthe fekk ni born, mellom anna:

  • Wilken Christopherson (f. kring 1654)
  • Ludvig Munthe (1657-1708), sokneprest i Vik
  • Otto Munthe (1659-1733), sokneprest i Fron
  • Birgitte Munthe (1663-1696), gift med oberst Georg Frederik von Krogh
  • Elisabeth Munthe (f. kring 1666)
  • Ingeborg Munthe (1668-1743), gift med Reier Urdahl, son av Hans Reiersen Urdahl
  • Gjert (Gerhard) Munthe (1671-1729)

Kjelder