Dagfinn Slettan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Dagfinn Slettan (født 13. november 1941 i Holum i Vest-Agder, død 5. juni 1999Karmøy) var ein av høvdingane i norsk lokalhistorie dei siste par tiåra av 1900-talet. Slettan hadde lærarskule før han tok hovedfag i historie ved Universitetet i Trondheim i 1972 med hovudoppgåva Søren Jaabæk og bondevennbevegelsen i Lister og Mandals amt. Ho kom seinare ut som bok på Universitetsforlaget.

I åra etter avlagt hovudfagseksamen var Slettan m.a. dels assistent og dels vikar for professor Edvard Bull. I 1978 ble han tilsett ved Trøndelag folkemuseum som «trønderamanuensis», ei stilling som var delt mellom universitetet og museet, der han skulle støtte opp om den lokalhistoriske verksemda i trøndelagsfylka i brei forstand. Dette var eit arbeid han gjekk inn i med stor entusiasme og gode resultat.

Slettan gjekk etter kvart over i full stilling ved universitetet, frå 1994 som professor i historie. Han tok friviljug på seg eit spesialansvar for dei faglege tilboda i lokalhistorie ved institusjonen. Fagleg sett var det den nyare historie han stod nærast, og innafor bruken av munnlege kjelder var han ein av dei fremste fagpersonane i Noreg i si tid.

I åra 1987–1994 var Slettan medredaktør for tidsskriftet Heimen, i 1989–1991 styremedlem og i 1991–1993 var han formann i Landslaget for lokalhistorie. Han gikk inn i styret for landslaget att i 1998, og han var til stades på landsmøtet på Karmøy i juni 1999 da han døydde uventa.

Dagfinn Slettan var bror til Bjørn Slettan.

Eit utval publikasjonar

  • Søren Jaabæk og bondevennbevegelsen i Lister og Mandals amt (1974)
  • Dreng og taus i Verdal : eksperiment med en kollektiv sjølbiografi (1978)
  • Minner og kulturhistorie : teoretiske perspektiver (1994)

Kjelder

  • Kirkhusmo, Anders 1999: Minneord om Dagfinn Slettan. Heimen 3, s. 165–66.
  • Kjelland, Arnfinn: Eigne minne frå studietid same stad og tida som medarbeidar i Heimen.