Bli med på dugnaden med å koordinatfeste artikler og bilder på Lokalhistoriewiki!

Den «gamle kongeveg» gjennom Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Gå til: navigasjon, søk
Kongevegen ved Lesjaverk i 2010.
Foto: Arnfinn Kjelland

Den «gamle kongeveg» gjennom Lesja er nok ei noko nyare nemning på den gamle ålmannvegen som opphavleg gjekk frå TofteDovre over Lesja og Lesjaskogen ned Romsdalen til Veblungsnes. Denne vegen vart nok helst kalla «Romsdalsvegen», og den var ein hovudveg mellom Aust- og Vestlandet.

Etter som denne overgangen mellom landsdelane ikkje går over skoggrensa, var traseen betre enn mange andre fjellovergangar lenger sør. Ferdsla over her er derfor sikkert mange hundre år gamal, men samanhengande veg for hjulkøyretøy kom nok ikkje før i siste del av 1700-talet.

Ved vegen ikkje langt frå jernverket ligg elles ein merkeleg naturfenomen, Skåpårtjønne.

Det er ikkje så mange stader gjennom bygda at vegen er synleg lenger. Lengste strekket finn ein nok mellom Mosenden og jernverket. Dette er lagt til rette som sykkel- og fotsti med informasjontavler. Også eit mindre stykke mellom verket og Knipstugu har denne gamlevegen som sykkelveg.

Litteratur

  • Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja bd. 1-2, avsnitt om samferdsla i grendehistoriekapittel i kvart bind. På innsida av permane i kvart bind er det utsnitt av «Kart over Postveien fra Gaarden Dombaas i Lessøe i Guldbrandsdalen til Molde og Christiansund. Oppmaalt Aar 1823». Originalen ligg i Riksarkivet.
  • Kleiven, Ivar 1923: Lesja og Dovre s. 84-105.

Bilde frå vegtraseen

Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Avdelinger
Forsider
Verktøy