Den store brennevinsdagen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Tromsø Amtstidende 27.03.1899.

Den store brennevinsdagen i Lofoten vart feira 20. eller 25. mars, på Marimesse om våren.

Denne dagen samla fiskarar på lofotfiske seg til ein fest der det vart drukke brennevin - likevel ikkje så mykje at dei ikkje rodde fiske dagen etter. Det var òg andre tradisjonar knytt til dagen, spesielt kjent er hansinga. Den innebar at førstereisgutten, skårungen, skulle spandere brennevin på dei andre i båtlaget. Første års høvedsmann skulle spandere høvedsmanns hans, og dei som rodde fiske for siste gongen skulle spandere stavhans. Når det gjaldt stavhansen, ville det alltid vere noko uklårt - dei fleste meinte nok at dei ville ro fiske eitt år til. Gamlingane som ikkje lenger for på vinterfiske, markerte gjerne brennevinsdagen med ein dram heime.

Festen har tradisjoner langt tilbake i tid, og må ha tilknytning til gammal feiring av Vårfrumesse eller Marimesse, som var heilagdag fram til festdagsreduksjonen i 1770. Lokalt vart mange av dei gamle helgedagane haldne som halvhelgar minst halvanna hundreår etter 1770.

Festen kan òg ha hatt samanheng med at det i slutten av mars var lide så langt ut i fisket at fiskarane hadde fått noko pengar mellom hendene. Frå om lag 20. mars var skreien blitt gytemoden og laus på rogna, slik at ho ikkje lenger var brukande for salting. Fiskarene kunne då selje det dei hadde lagt ned av rogn, og dei fekk for første gong nokre kroner for vinterstrevet.

Mot slutten av 1800-talet styrka avholdsrørsla stillinga si blant folk, brennevinsforbuket gjekk ned, og markeringa av 25. mars og Vårfru'mess' som ein brennevinsdag vart meir måtehalden.

Kjelder


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Den store brennevinsdagen» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.