Elvekrok (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Elvekrok
Knudsen-Elvekrok.jpg
Elvekrok med Nigardsbren bak, fotografert av Knud Knudsen mellom 1875 og 1880
Alt. namn: Kroken
Fyrst nemnd: 1600
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 201
Elvekrok sett frå nord. Den kvite bygningen til venstre er Jostedalsbredens Turisthotel.
Foto: Oddmund L. Hoel (2012)

Elvekrok (Luster, gnr. 201) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden ligg på austsida av Jostedøla og grensar i sør mot Espe og i nord mot grenda Fåberg. Heimane under garden sokna til Mjølverdalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1968.

Elvekrok ligg ved munningen av dalen der Nigardsbreen kjem ned. Elva frå Nigardsbreen valda fram mot 1740-åra så stor skade på garden at skatten vart nedsett i 1742.

Det nedlagde Jostedalsbredens Turisthotel vart i 1920 bygt på garden.

Bruk

  • Bnr. 1 Elvekrok (Kroken) - det opphavlege bruket
  • Bnr. 2 Kastet - rydda som husmannsplass, fråskild 8.10.1901

Husmannsplassar

Det har truleg berre vore to husmannsplassar under Elvekrok:

  • Træ (Plassen) - rydda tidleg i 1880-åra, nedlagd kring 1932
  • Røysekastet (Kastet) - rydda kring 1825, fråskild som bnr. 2 Kastet den 8.10.1901

Personar frå Elvekrok

Kjelder og litteratur


Koordinater: 61°39′19.15″ N 7°16′50.09″ Ø